De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Velkomen til museet

Museumssesongen 2017 i gong og vi har ope kvar dag heile veka, også på laurdagar og sundagar. Opningstida er frå 10 til 17 kvar dag. Husa på friluftsmuseet er og opne. Vi ynskjer alle velkommen til museet for ei god oppleving med spennande utstillingar og god mat i kafeen.
Frå og med onsdag 14. juni og kvar onsdag framover sommaren vil lokale gjestekokkar servere sine favorittar i kafeen. På heimesida vår og på Facebook kan du finne ut kven som serverar middagane dei ulike onsdagane. Dei vert annonsert etter kvart..

Desse onsdagane vert det og aktivitet på garden og i nokre av husa, der du kan sjå gamalt handverk og slå av ein prat..

Følg med på heimesida for tilstellingar og anna spennande hendingar på museet..