tenester
Søk i samlingane
Museet sine samlingar er på om lag 50.000 gjenstandar og om lag 50 antikvariske bygningar. Reiskapssamlinga på museet er mellom dei største i landet.
På Digitalt Museum kan du søke i gjenstandskatalogane våre
Her kan du søke i gjenstandskatalogane til Musea i Sogn og Fjordane.
Her finn du fleire tusen gjenstandar, mange med bilete:
Audioguide
Ute på Friluftsmuseet finn du fleire stader ein plakat med QR-kodar som tek deg til informasjon og audioguider om mange av husa på Friluftsmuseet. Les meir om dette på denne sida..
Du kan og laste ned Audioguidane på mobil eller nettbrett direkte frå «Soundcloud». Lenke til desse audioguidane finn du her..
Tenester
Det er ikkje berre vi menneske som er glade i gamle ting. Skadedyr som mott og møll likar seg godt i både nye og gamle gjenstandar av tre og tekstil. Skadedyr som veggdyr og pelsbiller er også eit veksande problem. Dette er skadedyr som befinn seg i klede, dynetrekk, laken, teppe og liknande. Vårt råd er difor: Ikkje kast dine kjære gamle eignedelar eller arvestykke sjølv om dei er angripne av skadedyr!
