Friluftsmuseet
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og flottaste folkemusea i landet. På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og flottaste folkemusea i landet. På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid.
Arrangement vert annonserte etter kvart. Følg med på heimesida og på Facebook.
Med museet sitt årskort får du:
• besøka museet gratis så ofte du vil
• redusert pris på arrangement i museet sin regi
• Årbok for Sogn 2012, fritt tilsendt
• redusert pris på museet sine frysetetenester for å bli kvitt skadedyr.
ÅRSKORT FOR EIN PERSON: KR 250. ÅRSKORT FOR FAMILIE KR 300.
Årskortet kan du tinga her: e-post til museet
Forutan ein "vanleg" leikeplass, med enkle leikeapparat, gamaldagse stylter, og ekte laftetømmer, slik at ein kan byggja seg eit eige tømmerhus, har museet ein flott naturleikeplass i skogen nedanfor hovudbygningen.
Her har vi lagt til rette for ulike former for leik i naturen. Ein kan klatra og huska, eller finna seg ein fredeleg plett for rolegare syslar. Det er spennande i skogen!
I tilknyting til naturleikeplassen er det også ei spennande naturleikeløype for borna!.
Museet har omfattande faste utstillingar: Jordbruk og folketru, handverk og husflid, helg og høgtid, bondekunst og tekstilar, mat og drikke, jakt og fangst, krambu og strandstad og utstillingar for born.
Ei anna spesialutstilling ber namnet ”Helg og høgtid”. Den formidlar kunnskap om dei ulike høgtidsdagane våre. Museet har også ei utstilling av praktgjenstandar frå gamle kyrkjer i Sogn.
Barnehagar er alltid velkomene til museet. Vi har fleire leikeplassar, og om sommaren er også dyra på garden spennande å sjå på. I juni kvart år arrangerer museet eigne Barnehagedagar, der ungane kan få køyra med hest og vogn, høyra eventyr i ei av dei gamle stovene, og elles leika seg på friluftsmuseet. Alle barnehagane i distriktet vert inviterte til desse dagane.
Andre tilbod til born og unge, som ein kan finne på museet om ein vil gå på eiga hand
Museet tilbyr undervisningsopplegg frå barnehage til høgskulenivå.
For skular i desember:
8. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding
9. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding
10. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding
15. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding