dhs-sf

Årbok for Sogn 2017

For 500 år sidan, den 31. oktober 1517, sette Martin Luther opp 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg og utløyste dermed reformasjonen.
I år blir reformasjonsjubileet markert over heile verda, og det er også hovudgrunnen til at vi har valt kyrkje og kristenliv som tema for denne årboka.

Til slutt i årboka trykkjer vi årsmelding 2016 for De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum, og gjev nokre fotoglimt frå aktiviteten på museet i 2017.

Handarbeidskafè

HANDARBEIDSKAFÉ MED ADVENTSSTEMNING

På den nest siste dagen i november inviterer De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum til handarbeidskafé på museet.

Onsdag 29. november kl. 19.00 – 21.30 er alle velkomne til å finna nokre timars ro før advent tek til. Kanskje du rekk å byrja på den julegåva eller julepynten du har tenkt på, men ikkje kome i gang med?

REFORMASJONSJUBILEET I SOGN

Tysdag 31. oktober er det 500 år sidan Martin Luther slo opp 95 teser mot avlatshandel på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette vart rekna som starten på den lutherske reformasjonen, og derfor er denne datoen sett som offisiell markering av reformasjonsjubileet – ikkje berre her i Sogn, men over heile verda.

Velkomen til museet

I sommarsesongen har vi ope kvar dag heile veka, også på laurdagar og sundagar. Opningstida er frå 10 til 17 kvar dag. Husa på friluftsmuseet er og opne. Vi ynskjer alle velkommen til museet for ei god oppleving med spennande utstillingar og god mat i kafeen.
Frå og med onsdag 14. juni og kvar onsdag framover sommaren vil lokale gjestekokkar servere sine favorittar i kafeen. På heimesida vår og på Facebook kan du finne ut kven som serverar middagane dei ulike onsdagane. Dei vert annonsert etter kvart..

Årbok for Sogn 2016

Velkomne til årboka!

Denne årboka handlar om jordbruket, sjølve Modernæringa.

Jordbruket gjev oss ikkje berre dagleg brød, men har også definert grunntrekka ved samfunnet vårt sidan forfedrane og formødrene våre tok til å dyrka jorda og bli bufaste. Ordet bonde kjem da og av det gammalnorske büandi, fastbuande.

Velkommen til museumsbutikken

Butikken på museet er open heile året

Her finn du gåver til store og små i alle aldrar. Gåver som du ikkje finn andre stader.

Gåver som kan etast, gåver som kan stå til pynt, gamaldagse leikety, spel, bøker, pledd og mykje anna..

I butikken finn du og "Årbok for Sogn", museumsboka "Levd Liv" og bøker utgjeven av lokale forfattara.

Velkommen til museumsbutikken for ein god og hyggeleg handel.

Open måndag til fredag - 10:00 - 15:00.

Oddlaug i bua

Sider

Subscribe to RSS - dhs-sf