Jump to Navigation
Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum, som gir ei flott oppleving av fjordkulturen.

Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum, som gir ei flott oppleving av fjordkulturen.

Sogn Fjordmuseum er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur borte frå museets hovudanlegg. 

Her ligg også Glaværstova, ei gamal skjenkestove frå Glavær i Gulen, med Sogns eldste bar! Fjorden var livsnerva til sognebygdene i eldre tider. Fjorden var både hovudveg og stabbur, og biletet av livet i bygdene kring Sognefjorden vert ikkje komplett utan den opplevinga som eit besøk på Sogn Fjordmuseum vil gi. Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum, som gir ei flott oppleving av fjordkulturen. Her er ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Her er også ein rekonstruert båtbyggarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskap av alle slag.

" SOGNAFÆRINGEN" - Video laga av museet
Museet dokumenterte i 1983 korleis båtbyggjaren Svein Henjesand bygde ein sognafæring på tradisjonell måte. Ein redigert versjon av dokumentasjonen, på 28 minuttar, kan du sjå her

Graphic design by Gasta. Development and programming by: S.M.Bjørklund | Login