SOGN FJORDMUSEUM

Utstillingsvindauget for fjordkulturen.

Av Aage Engesæter

Museumsområdet

Sogn Fjordmuseum er ei avdeling av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.
Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai. og vart opna i 1990 av dåverande kronprins Harald. Då var ferjekaien i Kaupanger eit stort trafikknutepunkt, og museet låg sentralt plassert. Etter at ferjesambandet Manheller – Fodnes vart etablert i 1995, vart museet liggjande meir avsides, sjølv om mange turistar tek ferja frå Kaupanger til Gudvangen.

Ved fjorden i Amlabukti har museet ein stor eigedom, med om lag 200 meter strandline, ein stor utstillingsbygning i tre høgder, og ei gamal skjenkestove frå Glavær i Gulen. I tillegg til desse bygningane eig museet den gamle bensinstasjonen i Kaupanger. Her det også ein kai som kan ta i mot relativt store båtar. Museet har gitt Indre Sogn Kystlag base på museumsområdet, og dei har sett opp eit grindbygd naust, og laga ei flott brygge på fundamentet som ein gong bar eit saghus som høyrde til det nedlagde Kaupanger sagbruk og høvleri. I dette området skal museet også gjenreisa eit tømra naust frå Leikanger, som no ligg lagra.

Utstillingsbygningen ved Sogn Fjordmuseum. Den ombygde sagbruksbygningen ser ikkje så stor ut, men takkonstruksjonen gir han eit sakralt preg.

Dei gamle samlingane og det nye museet

Dei gamle folkemusea har – med rette - vorte skulda for berre å syna fram den norske bonden og bondenæringa – som var symbolet på det norske i nasjonsbygginga. Denne kritikken råkar ikkje De Heibergske Samlinger, for grunnleggjaren av museet, Gert Falch Heiberg kjende betydinga av fjorden og av dei reiskapane og gjenstandane som høyrde til fjordkulturen. Slike gjenstandar samla han inn frå første stund. I den store utstillingsbygningen han fekk bygd i Amla og som vart opna i 1934, var båthallen sjølve kjernen. Her var ei eineståande samling av bruksbåtar frå Sogn, saman med fiskereiskap, reiskap for båtbygging og anna med tilknyting til fjorden, ferdsla på fjorden og fisket i fjorden.

Ein rekonstruert båtbyggjarverkstad, laga av no avdøde båtbyggjar Svein Henjesand, saman med ei stor samling reiskap for båtbygging, er ein del av Sogn Fjordmuseum.

Det var ikkje rom for desse store gjenstandane då museet flytte frå Amla til det nye store utstillingsbygget på Vestreim i 1980, men det var planen at det skulle byggjast eit andre byggesteg på Vestreim, som skulle fyllast med båtar, og alle dei andre gjenstandane som var knytte til fjorden. Men nokre år etter, vart ein forholdsvis ny eldfast sagbruksbygning disponibel, like ved fjorden i Amlabukti. Museet sikra seg bygningen, ved at Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøpte han, og fekk økonomisk hjelp av sognekommunane og Norsk Kulturfond til ombygginga. Museet la i tillegg både eigenkapital og ein formidabel eigeninnsats inn i oppbygginga av det nye museet.

Arkitekt Sverre Lied teikna om bygningen. Han hadde også stått bak den nye utstillingsbygningen på Vestreim, saman med arkitekt Peter Helland-Hansen, som døydde i 1985. Frå utsida ser ikkje museumsbygningen så imponerande ut, sjølv om takkonstruksjonane gir han eit visst sakralt preg. Di meir imponerande er det å koma inn i bygningen og sjå alt det han inneheld. Dei fleste undrar seg over at denne bygningen kan innehalda så mykje som han faktisk gjer.

I dei første planane som vart lagde for den nye museumsavdelinga, heiter det at ”Hovudmålsetjinga er å syna det naturlege ressursgrunnlaget i Sognefjordsområdet og korleis dette har vore utnytta opp gjennom tidene” (brev frå Olav Aaraas, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum til fylkeskonservator Knyt Djupedal, 20.09.1985.)

Utstillinga var tenkt i to delar: Ei naturhistorisk utstilling som skulle omfatta emne som geologi, planteliv og dyreliv i sjø og på land. Vidare tenkte ein seg ei kulturhistorisk utstilling som skulle syna korleis ein har utnytta ressursane opp gjennom tidene. ”Stikkord her kan vera fangst og fiske, jord- og skogbruk, bergverksdrift, utbygging av fossekraft, oppbygging av industri, handel og samferdsel.”

Dette var omfattande og ambisiøse planar. Truleg hadde ein undervurdert kor mykje gjenstandar museet hadde, som var knytt til båtar, fiske, og ferdsle på fjorden. I alle fall måtte desse tidlege planane revurderast undervegs.
Bygningen var ikkje større enn at han vart fylt av dei gjenstandane i museet som beinveges hadde tilknyting til fjorden. Dette var først og fremst båtar, reiskap for båtbygging og alle slags fiskereiskap.
Opphavleg fekk museet også eit namn som spegla tyngdepunktet i samlinga: Det vart bestemt at den nye avdelinga i museet skulle heita Sognefjord Båtmuseum. Dette namnet kom det rett nok ikkje til å ha så lenge, for ein fann ut at namnet vart litt for snevert i forhold til alt det materialet som museet inneheldt. I 1994 vart det difor bestemt at museet skulle heita Sogn Fjordmuseum.

Utsnitt av båthallen i Sogn Fjordmuseum. Fremst ein føringsbåt, lasta med høy, til venstre ligg ein staseleg åttring frå Sværefjorden, og bak ruver Skåsheimbåten, den største i samlinga.

Vegen og stabburet

Sogn Fjordmuseum er eit temmeleg presist namn i forhold til det som finst i museet. Her har De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum samla dei delane av samlingane som har direkte tilknyting til fjorden og livet ved fjorden, og det er ikkje lite!

Fjorden var livsnerven til sognebygdene i eldre tider. Han var ferdslevegen. Langs dei steile fjellsidene kring Sognefjorden var det svært mange stader rett og slett uråd å ta seg fram på annan måte enn med båt. Sjølv der landet var slik at det var farande for folk, var det mykje lettare å nytta fjorden som veg, enten det var menneske, dyr eller varer, som skulle fraktast. I museet finn du alle dei vanlege bruksbåtane til sogningane, frå færingen, som var den vanlegaste, til storebåten, ei lita sognejekt.

Den største båten i museet, Skåsheimbåten, er ein storebåt.
Det var ein fraktebåt med skap som ei jekt, men mindre enn dei eigentlege jektene.
Jektene tok seg i hovudsak av varetransporten til og frå Bergen, medan storebåtane, først og fremst vart nytta til transport i fjordane.

Båten vart bygd ca. 1840, på garden Indre Slinde i Sogndal, og seinare seld til Skåsheim i Balestrand. Båtbyggjaren var Ole Andersen Nybø frå Leikanger, ein legendarisk båtbyggjar, også kjend som Gamle –Risen.

Skåsheimbåten er 10,44 m lang og 3,33 m brei. Han hadde vanlegvis eit mannskap på to, og under gode vindforhold skal han ha gjort 8-9 knops fart.

Men fjorden var ikkje berre veg. Han var også stabbur. I fjorden var torsk og hyse, sei og lyr, kveite og brosme, sild og brisling, laks og aure. Her var ei matkjelde som folk visste å nytta seg av.
I museet finn du fiskreiskapane: Notbåten og nøtene, teinene, rusene, pilkane og skjelskrapene. Historia til sogningane let seg ikkje forstå utan at fjorden og kulturen kring gjeremåla på fjorden har ein sentral plass. Dette gjer Sogn Fjordmuseum til eit viktig museum for oss sogningar.

Dette er ein spesiallaga båt for notfiske, med gavl bak, og rulle så ein lett kunne få nota ut og inn. Desse båtane vart brukte til fiske med landnot etter brisling kringom i fjorden. Denne gavlbåten er ein notbåt bygd for lensmann Jersin i Amla i 1860-åra. Om bord ligg landnota, klar til å gå i sjøen.

I dei seinare åra har fjordane fått auka merksemd både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Verdsarvstatusen til Nærøyfjorden og etableringa av Nærøyfjorden verdsarvpark; det sterke fokuset på fjordane som verdas fremste reisemål, fjordsymjefestivalar og meir til, har fått oss til betre å skjøna – og verdsetja – den eineståande kulturarven som er knytt til fjorden.
Sogn Fjordmuseum er den beste staden å starta om ein skal få djupare forståing for kva fjorden har betydd for busetnad og levemåte i Sogn.

Glaværstova

I 2005 fekk fjordmuseet si eiga skjenkestove. Det var den såkalla ”Bondestova” opphavleg frå øya Søre Glavær i Gulen. Då hadde huset stått på det gamle museet i Amla sidan 1930. Stova vart truleg bygd i det første tiåret på 1800-talet.
I Glavær var det god hamn, og det var den første hamna ein kom til etter å ha kryssa den stride Sognesjøen. Det er såleis ikkje å undrast over at her vart gjestgivarstad. Bondestova i Glavær merkjer seg ut i tradisjonen om sogningar på byferd.
Søre Glavær låg midt i den vanlege skipsleia for jektene som kom frå Sogn til Bergen, og for jektetrafikken som kom langs kysten nordafrå.
Bondestova var skjenkestova på Glavær. Her er eit stort rom, med bardisk og eit lite serveringsrom bak, som kan lukkast igjen med ei luke. Frå om lag 1840 vart disken og romet bak også nytta som landhandleri. Det er trapp opp til eit loft, som er ein sovesal innreidd med små «båsar», der gjestene kunne sova – mest truleg sova ut rusen. I tillegg er det eit eldhusrom med eigen inngang og med ei stor grue og pipe. Glaværstova gir museet eit sterkt fysisk minne om den viktige jektefarten som gjekk mellom Sogn og Bergen.

De Heibergske Samlinger er stolte over Sogn Fjordmuseum, og ynskjer at så mange som råd skal ha høve til å sjå dette flotte museet. Museet er ope i juni, juli og august, og for eit par år sidan vart det bestemt at museet skulle ha gratis inngang. Dette førte til at talet på besøkande dobla seg. Museet har no noko over 8000 gjester for sesongen.
I samband med ferjeavgangane frå Kaupanger til Gudvangen er det jamt mykje folk på området kring fjordmuseet, og mange som før berre spaserte bort til døra og kika inn, tek no turen inn i museet, og dei fleste har late seg imponera. Gjestene gir svært gode tilbakemeldingar om den opplevinga dei har fått i fjordmuseet. Her er og laga ein triveleg friluftskafé, der ein kan nyta utsikten til vakre Amlabukti, få seg kaffi og vaflar, is eller brus eller anna godt. Museet har også ein liten butikk for reiseminne.

Sogn Fjordmuseum har ein liten friluftskafe, med praktfull utsikt over Amlabukti og fjellet Bleia - Nord-Europas største ”canyon”.

Enno veit vi det er det mange sogningar som ikkje har vitja Sogn Fjordmuseum. Det håpar vi stadig fleire vil gjera. Det kostar ingenting, og gir både oppleving og kunnskap.

Planar framover

Dei vestlandske fjordane utmerkar seg som eitt av dei store reisemåla innanfor den nye og vonleg meir berekraftige forma for turisme. To gonger er vestlandsfjordane blitt kåra til det beste reisemålet i verda. Dette vil truleg føre til auka fokus på opplevingsturisme i vårt distrikt, og det er viktig at distriktet fylgjer opp desse forventingane. Sogn Fjordmuseum ynskjer difor å utvikle tilbodet med å gi besøkande ei betre oppleving og få ut meir naturinformasjon om den fantastiske Sognefjorden.

Geoturisme er eit nytt omgrep, som ofte vert nytta i denne samanhengen, men innhaldet er samanfallande med det musea har jobba for over lengre tid. Geoturisme er definert som turisme som ivaretek, forsterkar og framhevar den lokale eigenarten – miljø, kultur, estetikk, kulturarv – og som kjem lokalsamfunnet til gode.

Det seier seg sjølv at geoturismen må gjera musea til sentrale aktørar i reiselivsutviklinga, og at Sogn Fjordmuseum må vera ein viktig komponent i utviklinga av ein geoturisme – eller opplevingsbasert turisme - knytt til Sognefjorden.

Det er ikkje tvil om at Sogn Fjordmuseum kan utviklast til eit endå større og breiare kunnskaps- og opplevingssenter enn det er i dag. Museet har fått laga ein heilskapleg plan for korleis museumsområdet bør utviklast fysisk, og vi er alt komne godt i gang med å gjennomføra planen. Vi vil skapa eit triveleg, fjordnært og bilfritt område kring fjordmuseet. Vi har også gått tilbake til dei første planane for museet, og sett på korleis ein kan utvida formidlinga frå den kulturhistoriske basisen ein i dag har, til også å omfatta naturhistorisk informasjon om fjorden.

De Heibergske Samlinger har hatt naturhistorie på dagsorden sidan 1980-talet, med særleg stor tyngde dei siste 6-7 åra, men Sogn Fjordmuseum har fram til no hatt lite informasjon om natur og naturhistorie i utstillingane. Typiske spørsmål frå dei besøkande er: Kor djup er fjorden? Kva skapningar lever i fjorden ? Kva vert fiska i fjorden ? Dette er informasjon som vi no planlegg å formidle meir om på fjordmuseet.
Planane går først og fremst ut på å nytte utsida av museumsbygningen og uteområdet ved museet til å gi naturhistorisk informasjon om Sognefjorden. Dette vil vi gjera ved hjelp av store informasjonstavler av glasplater på veggene, og på steinheller i bakken. Her vil ein med moderne design formidla enkel informasjon om livet i fjorden basert på typiske spørsmål som publikum etterspør; Kor lang og djup er fjorden, kva lever i fjorden, kva slags fiske vert utført her, kva slags matfisk kan ein få på kroken, kva sjøpattedyr finst her, osv.

Planane om utvikling av Sogn Fjordmuseum er nøkterne og realistiske. Med forholdsvis små investeringar kan ein her utvikla eit verkeleg omfattande kunnskaps- og opplevingssenter om fjorden og fjordkulturen. Det meste er alt på plass, og museet ser for seg ei gradvis utvikling av uteområdet og den naturhistoriske informasjonen.

Vi håpar Sogn Fjordmuseum om få år vil stå fram som det fjordinformasjonssenteret Sognefjorden treng og fortener.