Indre Sogn tunet

Smitteverntiltak

Rettleiar om smitteverntiltak

Det vil alltid vera risiko for smitte og det kan oppstå tilfelle av smitte sjølv om det er utøvd godt smittevern. Smitteførebyggjande tiltak gjerast for å redusere risiko.

Ein smittevernrettleiar for Musea i Sogn og Fjordane er utarbeidd etter malar frå Folkehelseinstituttet publisert 28.april og 9. mai 2020. Redigeringar er gjort basert på avgjersler og tilrådingar frå sentrale myndigheiter 04.05. og 07.05.2020.

Situasjonen rundt Covid-19 utbrotet endrar seg raskt.

Det visast til https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/ for oppdatert og utfyllande informasjon om viruset, sjukdommen og situasjonen. Smittevernrettleiar vil bli oppdatert fortløpande med utgangspunkt i dette.

For oppdateringar av Covid-19 forskrifta, og tilhøyrande avgjersler og rettleiingar sjå her: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-27-470 https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus

Risikoutsette grupper

For oppdatert informasjon om personar som kan ha høgare risiko for Covid-19 sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/

Kommunehelsetenesta

• har ansvar for å definere nærkontakt ved stadfesting av smitte
• har ansvar for smittesporing
• skal varsle arbeidsstad og besøkande om det er mistanke/stadfesting av smitte

Ved mistanke eller stadfesting av Covid-19 gjeld eigne tilrådingar om isolasjon for sjuke og nærkontaktar.
Kommunehelsetenesta har ansvar for oppfølging av Covid-19 tilfelle og for å ta nødvendige tiltak.
Kommunehelsetenesta definerer kven som blir rekna som nærkontakt til den sjuke og som skal i karantene. Dei gjennomfører også smitte oppsporing ved behov.
Er det behov for ytterligare tiltak er det kommunehelsetenesta si oppgåve å vurdere og gje organisasjonen pålegg om dette.

På museet skal vi halde desse reglane:

• Vi vil ikkje ta i mot kontantar. Betaling kun med kort eller Vips.
• Besøkande som oppheld seg i resepsjonen må halde avstand på minimum 1 meter, helst 2.
• Avstand mellom tilsette og besøkande skal vera minimum 1 meter, 2 meter om det er mulig.
• Heisen skal prioriterast til personar med rørslehemningar.
• Følg oppmerkingar i husa og skilt som er sett opp om kva tilrådingar som gjeld.
• Særskilte områder og kontaktflater i museet vert reingjort fleire gonger for dagen.
• Legge til rette for god handhygiene for tilsette og besøkande.

Hygiene
Hygienetiltak vert utført hyppig av alle tilsette og vi oppmoda besøkande til å gjere det same. God hand og hostehygiene reduserer smitte ved alle luftvegsinfeksjonar, også Covid-19. Handvask med lunka vatn og flytande såpe er ein effektiv måte å førebygge smitte. Skitt, bakteriar og virus losnar frå huda under vask og skylast vekk.

Handvask:
Vask hendene hyppig og grundig. Handvask bør ta minst 20 sekund. Sjå https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/

Sjå - Kapittel 12
«Næringsliv, idrett og kultur og andre virksomheter» i Koronavirus - beslutningar og anbefalingar: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/idrett-kultur-for...

Sjå Mattilsynet sine råd til næringsverksemd: https://www.mattilsynet.no/Utbrudd_av_koronavirus/Mat_og_drikkevanntil_n...

Vi oppmodar om at besøkande som har symptom på luftvegsinfeksjon ikkje kjem til museet, sjølv ved milde symptom.

Vi vil til slutt informere om at museet kan måtte halde mellombels stengt ved sjukdom. Vi kan og måtte stenga heilt dersom smittesituasjonen endrar seg og vert verre igjen..