Slåttedag på museet

Slåttedagen 2018

Onsdag 11. juli: TRADISJONSRIK SLÅTTEDAG PÅ MUSEET

Ynskjer du å oppleve ein god, gammaldags slåttedag, med stuttorv, langorv og trerive, må du ta med deg familien og koma på museet på onsdag 11. juni. Der arrangerer museet den årlege slåttedagen, der museet sine eigne folk i lag med mange gode hjelparar slår og sliper, rakar og hesjar på tradisjonelt vis. Har du lyst til å vere med får du låne reiskap.

På museumsgarden har vi griser og kyr, høner og sauer, og det vert høve til å vere med å mate dyra. I tillegg er her mange andre aktivitetar for små og store. Ein tur i den nye eventyrskogen er ein spennande oppleving for barn, og i dei gamle stovene vert det utøvd tradisjonell husflid og handverk.

Denne onsdagen er det museet sjølv som står for middagen og byr på god heimelaga betasuppe.

Ein spelemenn har også lova å ta turen innom museet så det er duka for ein museumsonsdag som blir både tradisjonsrik og eksotisk, med gode opplevingar for både store og små.

raking