Program vinterhalvåret 2011 - 2012
SKULETILBOD
Med utgangspunkt i læreplanen har museet pedagogisk tilbod til unge sogningar frå barnehagen til høgskulenivå. Det oppsette programmet viser tilboda denne sesongen. Ta kontakt om de ynskjer andre tema og datoar enn dei oppsette, så prøver vi så langt råd er å finna løysingar. Alle tilboda våre til skular og barnehagar er gratis.
BAMSE BRAKAR, TEDDYBJØRN OG FRYKTA ROVDYR (november)
Menneska har frå dei eldste tider hatt eit mangesidig forhold til bjørnen. Han har “ti manns styrke og tolv manns vit,” sa dei gamle. Bjørnen er både Bamse Brakar, koseleg teddybjørn og eit frykta rovdyr. Med utgangspunkt i vandreutstillinga “Me har skote bjørnen” formidlar vi spennande kunnskap om bjørnen, eventyr og segner, ordtak og jakthistorier. Vi viser også fram ei 130 år gammal bjørneskinke!
JUL, TRU OG TRADISJON (desember)
Ein skuledag på museet har vorte fast førjulstradisjon for mange av skulane i Sogn. Her høyrer vi om arbeid og juleskikkar på den gamle garden, vi skriv julekort og syng julesongar, studerer julepynt og et julegraut – med mandel. Dagen blir avslutta i kyrkjeutstillinga, der elevane sjølve les juleevangeliet. Grauten kostar kr 50.- pr. person.
GAMMALDAGS SKULE (februar)
Korleis var det å gå på skulen i gamle dagar? På desse skuledagane prøver vi å leva oss inn i korleis ein skuledag kunne vera i den gamle skulestova. Elevane kler seg i gammaldagse klede, og Anna Skulemor er streng lærarinne bak kateteret. Det blir salmesong og bibelsoge, skjønnskrift og kuleramme, men også friminutt med tradisjonsrike spel og leikar! Skuledagen treng litt førebuing.
EI TRU MED ALT (mars)
I gamle dagar levde folk tett innpå naturen, og naturkreftene var ein del av kvardagen. Folk delte omgjevnadene sine med huldra, trolla og andre underjordiske vesen, og det var knytt truer og skikkar til nær sagt alt dei gjorde. Framleis lever hulder og troll i segner og eventyr, og det er det mangt ”mellom himmel og jord” som vi ikkje kan forklara. Skuledagane startar i ei gammal stove, og i den nye folketru-utstillinga ser vi på magiske gjenstandar som “trodlasverd” og spåbein, stolen altarvin og mystiske svartebøker. Ein skuledag utanom det vanlege!
ÅRESTOVE OG FERDIGHUS - BYGGJESKIKK OG BUFORMER GJENNOM 500 ÅR (april)
Ei vandring gjennom husa på friluftsmuseet, frå mellomalderens årestove til ferdighuset Stella frå 1980-åra, gjev eit fasinerande tverrsnitt av hus og buformer i bygdene våre dei siste hundreåra. Materialar og stilartar, byggjeskikk og buformer endrar seg. Korleis påverkar det liva våre?
PÅMELDING TIL SKULEDAGANE
må skje seinast ei veke på førehand. Ver tidleg ute: Fyrstemann til mølla får fyrst mala!
Vi tek atterhald om at det kan bli endringar i programmet, men desse vil i så fall bli kunngjort på heimesida vår eller direkte til skulane.
Opningstider
Mai og september: Alle dagar 10.00 - 15.00.
Juni, juli, august: Alle dagar 10.00 - 17.00
Oktober til april:
Ope mandag til fredag 10.00 - 15.00
Vaksne kr. 70.-
Born kr. 30.-
Familie kr. 150.-
Born under 7 år gratis
Grupper, pensjonistar og studentar kr. 60.-
KJØP ÅRSKORT TIL MUSEET:
Individuelt årskort kr. 250.-, familiekort kr. 300.-
Sogn Fjordmuseum
Ope juni, juli og august, alle dagar kl. 10 - 17
Gratis inngang


