SKULEOPPLEGG HAUSTEN 2021

SKULEOPPLEGG HAUSTEN 2021

VELKOMNE PÅ MUSEET TIL HAUSTEN!

Hausten står no for døra, og me på museet håpar at de vil ha høve til å ta dykk ein tur (eller fleire) hit til oss i månadane som kjem. Som me no er blitt van med, må me ha atterhald om at det kan koma endringar i retningslinjer, men me vil frå vår side gjera det me kan for å gje ei trygg og god oppleving.

HAUSTARBEID PÅ MUSEUMSGARDEN

Skuleopplegg hausten 2021
Denne dagen er elevane med museumsbonde Kjell og tek opp poteter. Etterpå ser de på dyra på museumsgarden. Med museumspedagog Mari Sofie vaskar alle hendene før de blir med og pressar eple i Leirmostova. Me set oss så rundt bordet og snakkar saman om alt arbeidet som måtte gjerast på den gamle garden for å vera klar for ein lang vinter, medan me smakar på den ferske eplesafta. Kanskje vert det også noko lite å eta?

Passar best for 1. til 7. klasse

Nokre aktuelle læreplanmål

Etter 2. årssteget

• Stilla spørsmål, samtala og filosofera rundt naturopplevingar og menneskets plass i naturen
• Bruka sansane til å utforska verda i det nære miljøet

Etter 4. årssteget

• Finna informasjon om og presentera eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg
• Undersøkja ulike matvarer med tanke på smaksopplevingar
• Fortelja om ei utvald råvare og korleis ho inngår i matvaresystemet, frå produksjon til forbruk
• Gjera sitt til trivsel i samband med måltida

Etter 7. årssteget

• Beskriva utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg
• Forklara samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
• Beskriva korleis produksjon og forbruk kan øydeleggja økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfta korleis dette kan hindrast og reparerast

JUL, TRU OG TRADISJON (2., 3., 9., og 10. desember)

Jul, tru og tradisjonar
Ein skuledag på museet har vorte fast førjulstradisjon for mange av skulane i Sogn. Her høyrer me om arbeid og juleskikkar på den gamle garden, me skriv julekort, syng julesongar, og et julegraut – med mandel. Dagen blir avslutta i kyrkjeutstillinga, der elevane sjølve les juleevangeliet. Grauten kostar kr 50.- pr. person.

Denne dagen kan tilretteleggjast for dei fleste årstrinn, og sjølv om dette ofte er mest ein «kosedag», legg me med nokre læreplanmål også her.

Nokre aktuelle læreplanmål

Etter 2. årssteget

• Uttrykka eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
• Skriva setningar med store og små bokstavar og punktum i eiga handskrift
• Samtala om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt

Etter 4. årssteget

• Kjenna til kristen salmetradisjon og eit utval songar
• Kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
• Skriva med samanhengande og funksjonell handskrift
• Samtala om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid
• Gjere sitt til trivsel i samband med måltida

Etter 7. årssteget

• Gjera greie for sentrale forteljingar frå Det nye testamente frå Jesus til Paulus

Etter 10. årssteget

• Drøfta kristendomens betydning for kultur og samfunnsliv

ANDRE YNSKE?

De er sjølvsagt også velkomne på museet utanom dei utlyste skuledagane. Om dei oppsette dagane ikkje passar, prøver me så langt råd er å finna andre dagar. Og har de ynske om heilt
andre tema enn me har sett opp, prøver me så langt råd er å laga opplegg etter dykkar ynske. De kan også koma til oss og oppleva museet på eiga hand. Ta då kontakt med oss på førehand, så me veit at de kjem.

SKULEBESØKA ER GRATIS

Me minner til slutt om at dersom ikkje anna er opplyst, er alle skuleopplegga på museet gratis. Hugs å melda dykk på skuledagane i god tid, seinast ei veke på førehand. Fyrstemann til mølla får mala! Ring 40431747, eller send e-post til marsan@misf.no

Ta elles kontakt om de har spørsmål eller vil ha fleire opplysningar. Følg med på heimesida vår, www.dhs.museum.no. Og blir de med i Facebook-gruppa vår, blir de til ei kvar tid oppdatert på det som skjer på museet!

Med helsing

Mari Sofie Johanne Sandvik
- formidlingsleiar -

Musea i Sogn og Fjordane
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum