Born og unge 2017

Skuledagar våren 2017

VELKOMNE TIL MUSEET!

Her kjem informasjon om skuletilbodet på museet denne våren. Eitt av kompetansemåla i Kunnskapsløftet (etter 4. årssteg) er at elevane skal “kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke». Vi hjelper dykk gjerne med å oppfylla dette målet! I vår har vi sett opp desse skuledagane:

FOLKETRU OG FOLKEMEDISIN (3. og 4. mai)

Utan dokter og dyrlege måtte forfedrane våre finna eigne lækjeråder for sjukdom både hjå folk og fe. Dei nytta planter og naturmedisin, men også magi og rein overtru. I dei gamle stovene kjem vi i den rette stemninga, og i folketru-utstillinga ser vi på svartebøker og andre magiske gjenstandar frå bygdene våre. For ungdomsskulen.

VATN – DEN STERKASTE DRYKKEN (9, 10. og 11. mai)

Denne skuledagen spenner frå dagleglivet til magien og verdspolitikken: Elevane ber vatn og vaskar klede, dei forskar og leitar etter liv i vatnet, og dei ser korleis vatnet driv bekkekverna og produserer elektrisitet. Vi kjem også innom magiske førestellingar om vatnet og vass-situasjonen i verda. For grunnskulen og vidaregåande skule.

EVENTYR, LEIK OG DYR (30. og 31. mai og 1. juni)

Vi høyrer eventyr framfor peisen, ser på dyra på museumsgarden, byggjer hytte med laftestokkane eller ser på trolla og leikar i Eventyrskogen. Dei som har tid, kan også sjå barneutstillinga eller gå på stylter. Ein triveleg skuledag i vakre omgjevnader! For småskulen og mellomsteget.

ANDRE TEMA? ANDRE DAGAR?

Kanskje arbeider de på skulen med heilt andre tema og tenkjer at ein skuledag på museet kunne vore fint som inspirasjon, konkretisering eller oppsummering av dette. Ta då kontakt med oss på telefon eller e-post, så drøftar vi saka og finn ei løysing. Kom gjerne også elles med tips og gode råd til oss! Vi vil gjerne utvikla tilbodet vårt slik at det er mest mogeleg «matnyttig» og gjevande for gjestene våre, og de som er på skulen veit jo aller best kva de har bruk for.

MUSEUMSBESØK PÅ EIGA HAND?

Om de ynskjer eit museumsbesøk på eiga hand, hjelper vi også gjerne til med framlegg til aktivitetar. Vi nemner særleg desse tilboda:

- Eventyrskogen: Her finn ein Bukkane Bruse, trollkjerringa med nasen i trestubben, Askeladden og og andre eventyrfigurar. Det er sjølvsagt spennande å leika seg i skogen, og på Eventyrplassen kan ein setja seg ned og lesa eventyr som ein finn i Eventyrkassa.

- Dei fire naturhistoriske løypene har ulike tema: Leik, kulturlandskap, nyttevekstar og vilt. Dei er sjølvinstruerande og greie å bruka på eiga hand. De kan også få eigne oppgåvesett til kvar av løypene.
- Sjå heimesida http://www.dhs.museum.no/naturloypene for å få meir informasjon.

- Laftestokkane: Med dei kan elevane byggja sine eigne hus og hytter. Dei kan brukast etter avtale, også utanom dei faste opplegga.

- Leikeplassane: Her er det sandkasse og stylter, vippe og sklie.

- Andre aktivitetar: Ved Indre Sogn-tunet kan de saga ved, bera vatn med vass-sele eller sjå på husdyra våre (frå slutten av mai). Vi har hestar og griser, sauer, kalvar og høner.

- Barneutstillingane finn de inne i hovudbygningen. Då oldemor var liti og Unge sogningar 2000 er svært aktuelle for skuleklassar, og her er det også høve til eigenaktivitet som å byggja med klossar, spela spel, leika i eventyrslottet, teikna eller liknande.

Meld dykk på skuledagane i god tid, seinast ei veke på førehand. Fyrstemann til mølla får mala!
Påmelding til: mari.sandvik@misf.museum.no tlf. 40431747

Hugs: SKULEDAGANE PÅ MUSEET ER GRATIS! Det er berre skyssen som kostar.
Velkomne til gode museumsopplevingar i vakre omgjevnader!