Skuledagar førjulsvinteren 2018

VELKOMNE PÅ MUSEET!

Me har no i vår avvikla mange innhaldsrike skuledagar her på museet, og me er svært glade for at så mange av dykk valde å bruka ein dag (eller fleire) hjå oss! Også no i haust vil det vera fleire skuleopplegg på museet, og me håpar at de også då vil nytta tilboda godt. Her det nye haustprogrammet frå De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

HAUSTARBEID PÅ MUSEUMSGARDEN (12. og 13. september)

Denne dagen er elevane med museumsbonde Kjell og tek opp poteter. Etterpå ser de på dyra på museumsgarden. Heilt til slutt vaskar alle hendene før de blir med og lagar mat på neste stasjon. I Leirmostova skal me koka potetgraut og eta. Me vaskar potetene, skreller dei og skjer opp i bitar. Så kokar me potetgraut og set oss rundt bordet og et den gode grauten me har kokt av eigne poteter! Kanskje blir det og tid til litt leik i stova?

haustarbeid

UNGDOM OG IDENTITET (23., 24. og 25. oktober)

Kva vil det seie å vera ungdom? Og korleis har dette endra seg gjennom tidene? Me går 100 og 50 år tilbake i tid, og prøver å sjå nærare på akkurat dette: Korleis har omgjevnadane påverka oss, og korleis har ungdomen påverka samfunnet? Til slutt prøver me saman med elevane å dra linjer til vår eiga tid. Skilandane er nok mange, men vil det også finnast likskapstrekk mellom ungdom i notid og fortid?
Passar best frå 9.-10. kl. og vidaregåande skule.

Ungdom og identitet

REFORMASJONEN (6., 7. og 8. november)

For om lag 500 år sidan, den 31 oktober 1517, tok reformasjonen til. Dette er noko som fekk store konsekvensar både for kyrkjelivet og for dagleglivet til folk, også her i Noreg. Me byrjar dagen i Stavedalstova, der me snakkar om liva til dei som levde i Sogn i tida rundt reformasjonen. I kyrkjeutstillinga får elevane sjå gjenstandar både frå dei gamle stavkyrkjene og frå nyare kyrkjer i Sogn. Med utgangspunkt i slikt inventar og utstyr frå kyrkjene og andre museumsgjenstandar legg vi opp til drøfting av kva som endra seg ved reformasjonen, og kva haldningar og skikkar som heldt seg uendra gjennom denne store omveltinga.
I skulestova Helgheim legg me hovudvekt på utdanning og språk, som var ei viktig side ved reformasjonen. Me snakkar litt om gudstenesta før reformasjonen, og om Ordet si rolle etter reformasjonen. Kvifor vart utdanning viktigare? Kvifor var - og er - det avgjerande å forstå språket? I skulestova får elevane både prøva seg på å lesa gamle tekstar, og ikkje minst å skriva med penn og blekk.
Passar best frå 5.-10. kl og vidaregåande skule.

Reformasjonen

JUL, TRU OG TRADISJON (4., 6., 11., og 12. desember)

Ein skuledag på museet har vorte fast førjulstradisjon for mange av skulane i Sogn. Her høyrer me om arbeid og juleskikkar på den gamle garden, me skriv julekort og syng julesongar, studerer julepynt og et julegraut – med mandel. Dagen blir avslutta i kyrkjeutstillinga, der elevane sjølve les juleevangeliet. Grauten kostar kr 50.- pr. person.

Jul, tru og tradisjon

ANDRE YNSKE?

De er sjølvsagt også velkomne på museet utanom dei utlyste skuledagane. Om dei oppsette dagane ikkje passar, prøver me så langt råd er å finna andre dagar. Og har de ynske om heilt
andre tema enn me har sett opp, prøver me så langt råd er å laga opplegg etter dykkar ynske. De kan også koma til oss og oppleva museet på eiga hand. For skulane er gjerne barneutstillinga mest interessant. Ho er todelt: Då oldemor var liti, som viser barndom for hundre år sidan, medan Unge sogningar 2000 viser korleis barn og unge levde ved tusenårsskiftet.

SKULEBESØKA ER GRATIS

Me minner til slutt om at dersom ikkje anna er opplyst, er alle skuleopplegga på museet gratis. Hugs å melda dykk på skuledagane i god tid, seinast ei veke på førehand. Fyrstemann til mølla får mala! Ring 40431747, eller send e-post til mari.sandvik@misf.museum.no

Ta elles kontakt om de har spørsmål eller vil ha fleire opplysningar. Følg med på heimesida vår, www.dhs.museum.no. Og blir de med i Facebook-gruppa vår, blir de til ei kvar tid oppdatert på det som skjer på museet!