For skular våren 2020

For skular våren 2020

VELKOMNE PÅ MUSEET TIL VÅREN!

Me ser no fram mot ein vår med mange innhaldsrike skuledagar her på museet. Me håpar mange av dykk vel å bruka ein dag (eller fleire) hjå oss! Her får de vårprogrammet frå De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

17., 18. og 19. mars Ull
21., 22. og 23. april Folketru og folkemedisin
12., 13., 14. og 15. mai Vatn – Den sterkaste drykken
2., 3., 4., og 5. juni Eventyr, leik og dyr

Ull (17., 18. og 19. mars)

Ull

Klede må me alle ha. Men kvar kjem kleda våre frå, og korleis tek me vare på dei? Me ser nærare på ulla, og alt arbeidet som låg bak eit heimelaga ullplagg når heile produksjonen føregjekk i heimen.

Denne dagen passar best for grunnskulen

Med 1. – 4- klasse fokuserer me på alt det som må gjerast frå ulla er på sauen, til det er eit ferdig klesplagg. Elevane får karda ull, og veva. Me prøver også å spinna litt på handtein, og demonstrerer spinning på rokk.

Med 5. – 10.-klasse snakkar me meir om bærekraft – om forbruk og gjenbruk, og ikkje minst reparering.
Me ser på nokre gamle ullklede frå samlingane, der mange er blitt reparerte fleire gonger.
Også her får elevane prøva seg på karding og spinning på handtein. I tillegg lappar og stoppar me klede, for på denne måten å gi dei eit lengre liv.

Nokre aktuelle læreplanmål

Etter 2. årssteget

• Stilla spørsmål, samtala og filosofera rundt naturopplevingar og menneskets plass i naturen
• Bruka sansane til å utforska verda i det nære miljøet
• Gjennomføra aktivitetar i nærområdet for å læra om naturen og samtala om kvifor dette er viktig

Etter 4. årssteget

• Fortelja om dyr i nærområdet, diskutera dyrevelferd og skilja mellom meiningar
• Kjenna att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkja lokale samlingar og minnesmerke
• Fortelja om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land

Etter 7. årssteget

• Fortelja om korleis nokre planter, sopp og dyr vert brukt i ulike tradisjonar, mellom anna den samiske, og diskutera om bruken er bærekraftig
• Skildra livsløpet til eit produkt og diskutera i kva grad produktet er i samsvar med bærekraftig utvikling
• Forklara samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
• Beskriva korleis produksjon og forbruk kan øydeleggja økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfta korleis dette kan hindrast og reparerast
• Forklara samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
• Beskriva korleis produksjon og forbruk kan øydeleggja økosystem og forureina jord, vatn og luft, og drøfta korleis dette kan hindrast og reparerast

Etter 10. årssteget

• Testa og beskriva eigenskapar ved materialar som vert brukt i ein produksjonsprosess, og vurdera materialbruken ut frå miljøhensyn
• Gjera greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen
• Undersøkja korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfta premissar for berekraftig utvikling
• Undersøkja og diskutera bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skapa lokalt og globalt
• Beskriva korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg, og gjera greie for rettane til forbrukarane

FOLKETRU, FOLKEMEDISIN OG DET OFFENTLEGE HELSEVESENET (21., 22. og 23. april)

Folketru og folkemedisin

Utan dokter og dyrlege måtte forfedrane våre finna eigne lækjeråder for sjukdom både hjå folk og fe. Dei nytta planter og naturmedisin, men også magi og rein overtru. I dei gamle stovene kjem vi i den rette stemninga, og i folketru-utstillinga ser vi på svartebøker og andre magiske gjenstandar frå bygdene våre. 1800-talet var eit hundreår som førte med seg store endringar: Folketalet dobla seg på kort tid, til dels grunna dei store endringane på helsefeltet. Ved å sjå nærare på ei tid då folkemedisin og offentleg medisin levde side om side, er det mogleg å koma tett på korleis statleg politikk fekk direkte innverknad på menneske sine kvardagsliv. Me ser nærare på eit relevant historisk kjeldemateriale, som set i gang ein diskusjon kring kjeldekritikk og korleis å lesa historiske tekstar.

Passar best for ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Nokre aktuelle læreplanmål

Etter 10. årssteget

• Visa korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfta korleis interesser og ideologi kan prega synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
• Reflektera over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutera formål og relevans til kjeldene
• Skapa forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og visa korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
• Presentera viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskriva korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag

Vidaregåande

• Definera omgrepet kultur og gje døme på korleis kultur, kjønnsroller og familie- og samlivsformer varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
• Finna og vurdera historisk materiale som kjelder og bruka det i historiske framstillingar
• Presentera ein historisk person og diskutera korleis samtidige samfunnsrammer påverka denne personen sine handlingar
• Gjera greie for befolkningsutviklinga i et lokalsamfunn over en lengre periode og diskutera kva slags faktorar som har hatt innverknad på innbyggjarane sin livssituasjon
• Referera til og vurdera kjelder i aktuelle faglege situasjonar

VATN – DEN STERKASTE DRYKKEN (12., 13., 14. og 15. mai)

Vatn den sterkaste drykken

Denne skuledagen spenner frå dagleglivet til magien og verdspolitikken: Elevane ber vatn og vaskar klede, dei forskar og leitar etter liv i vatnet, og dei ser korleis vatnet driv bekkekverna og produserer elektrisitet. Vi kjem også innom magiske førestellingar om vatnet, og vass-situasjonen i verda.

Passar best for grunnskulen

Nokre aktuelle læreplanmål

Etter 2. årssteget

• Stilla spørsmål, samtala og filosofera rundt naturopplevingar og mennesket sin plass i naturen
• Bruke sansane til å utforska verda i det nære miljøet
• Skildra, illustrera og samtala om eigne observasjonar frå forsøk og frå naturen
• Gjennomføra aktivitetar i nærområdet for å læra om naturen og samtala om kvifor dette er viktig

Etter 4. årssteget

• Finna informasjon om og presentera eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelja om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg
• Kjenna att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkja lokale samlingar og minnesmerke
• Leika og vera med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra
• Samhandla med andre i ulike aktivitetar

Etter 7. årssteget

• Skildra utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg
• Forklara samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
• Gjera greie for bruken av nokre energikjelder før og no, og innhenta informasjon og statistikk frå ulike kjelder for å beskriva og diskutera moglege konsekvensar av energibruken for miljøet lokalt og globalt

Etter 10. årssteget

• Presentera viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskriva korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
• Gjera greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen
• Undersøkja korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfta premissar for berekraftig utvikling
• Undersøkja og diskutera bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skapa lokalt og globalt

EVENTYR, LEIK OG DYR (2., 3., 4., og 5. juni)

evntyr, leik og dyr

Me høyrer eventyr framfor peisen, ser på dyra på museumsgarden, byggjer hytte med laftestokkane eller ser på trolla og leikar i Eventyrskogen. Dei som har tid, kan også sjå barneutstillinga eller gå på stylter. Ein triveleg skuledag i vakre omgjevnader!

Passar best for småskulen.

Nokre aktuelle læreplanmål

Etter 2. årstteget

• Lytta, ta ordet etter tur og gi respons til andre i samtalar
• Lytta etter, forstå, gjengi og kombinera informasjon
• Samtala om personar og handling i eventyr og forteljingar
• Bruka sansane til å utforska verda i det nære miljøet

Etter 4. årssteget

• Lytta etter, gjenfortelja, forklara og reflektera over innhaldet i munnlege tekstar
• Kjenna att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkja lokale samlingar og minnesmerke
• Fortelja om dyr i nærområdet, diskutera dyrevelferd og skilja mellom meningar
• Leika og vera med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra
• Samhandla med andre i ulike aktivitetar

ANDRE YNSKE?

De er sjølvsagt også velkomne på museet utanom dei utlyste skuledagane. Om dei oppsette dagane ikkje passar, prøver me så langt råd er å finna andre dagar. Og har de ynske om heilt andre tema enn me har sett opp, prøver me så langt råd er å laga opplegg etter dykkar ynske. Vi vil gjerne utvikla tilbodet vårt slik at det er mest mogeleg «matnyttig» og gjevande for gjestene våre, og de som er på skulen veit jo aller best kva de har bruk for.

MUSEUMSBESØK PÅ EIGA HAND

Om de ynskjer eit museumsbesøk på eiga hand, hjelper vi også gjerne til med framlegg til aktivitetar. Vi nemner særleg desse tilboda:
- Eventyrskogen: Her finn ein Bukkane Bruse, trollkjerringa med nasen i trestubben, Askeladden og og andre eventyrfigurar. Det er sjølvsagt spennande å leika seg i skogen, og på Eventyrplassen kan ein setja seg ned og lesa eventyr som ein finn i Eventyrkassa.
- Dei fire naturhistoriske løypene har ulike tema: Leik, kulturlandskap, nyttevekstar og vilt. Dei er sjølvinstruerande og greie å bruka på eiga hand. De kan også få eigne oppgåvesett til kvar av løypene.
- Sjå heimesida vår for å få meir informasjon om naturløypene
- Laftestokkane: Med dei kan elevane byggja sine eigne hus og hytter. Dei kan brukast etter avtale, også utanom dei faste opplegga.
- Leikeplassane: Her er det sandkasse og stylter, vippe og sklie.
- Andre aktivitetar: Ved Indre Sogn-tunet kan de saga ved, bera vatn med vass-sele eller sjå på husdyra våre (frå slutten av mai). Vi har hestar og griser, sauer, kalvar og høner.
- Barneutstillingane finn de inne i hovudbygningen. Då oldemor var liti og Unge sogningar 2000 er svært aktuelle for skuleklassar, og her er det også høve til eigenaktivitet som å byggja med klossar, spela spel, leika i eventyrslottet, teikna eller liknande.

SKULEBESØKA ER GRATIS

Me minner til slutt om at dersom ikkje anna er opplyst, er alle skuleopplegga på museet gratis. Hugs å melda dykk på skuledagane i god tid, seinast ei veke på førehand. Fyrstemann til mølla får mala! Ring 40431747, eller send e-post til mari.sandvik@misf.museum.no

Ta elles kontakt om de har spørsmål eller vil ha fleire opplysningar. Følg med på heimesida vår, www.dhs.museum.no. Og blir de med i Facebook-gruppa vår, blir de til ei kvar tid oppdatert på det som skjer på museet!

Med helsing

Mari Sofie Johanne Sandvik
- formidlingsleiar –

Musea i Sogn og Fjordane
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum