Garnbøting, foto Anders Fimreite

Segner frå Solund

foto - Anders Fimreite

Styggedom i nota

Ein eldre fiskar frå Stavong fortalde dette:

Det var eit år vi var på fiske sør i Sula. Då gjekk det skeis med alt. Det var som han Tykje sjølv hadde sett seg i reiskapen og i båten. Vi kasta mange gonger, men det vart berre opp i tøv. Vi fekk ikkje det slag kor vi balte, og balte gjorde vi, det skal eg lova deg, for vi hadde eit tungt helvete av ei gammal bomullsnot som vi for med, og når ho var vorten godt blaut, var det som du halte faste landet.
Nok av det, vi hadde gjort kast etter kast, men vi bekom ikkje så godt som ei sild til å ha på steikepanna. Då sa han det, basen, at "Eg skal lure på om det ikkje er komme noko slags styggedom i nota, og at det er det som gjer at vi ikkje får noko." Vi var fleire som lo åt dette, men han sa det, basen, at "Det kan hende det at de skal få turke fliren utav fjeset dykkar». Han tok og reiste til ein kar nord i Bulandet, ein som var kjend for det at han kunne litt av kvart som andre ikkje kunne.

Ja ja, det vart no til at han for. Vi var mange som lo. Det var ikkje for vel at det var skikk å tru på slikt den gongen - det var bort i trettiåra at dette hende. Kva desse to karane har snakka seg imellom der nord, er det ingen som veit noko om i dag, for dei er begge gått or tida.

Men nok om det: Då basen kom att, for han opp til ein bonde i Sula, ikkje langt frå der vi låg, og snakte med han, og eg vil tru det at hadde det ikkje vore for det at han kjende denne bonden frå før, så hadde han aldri i verda tort å spørje etter det han spurde om. Nok om det. Vi vart sette til å hale nota opp i ein åker.
No veit du det at det er ikkje nett store åkrebøtene dei har ute i Sula, så vi kunne ikkje leggje nota enkel over åkeren, men vi la henne i bukter og såler såpass at ho dekte heile åkrebota. Og så var det å få tak i ein saueflokk der gjekk, og jaga denne saueflokken att og fram over nota tre gonger.
Så drog vi nota i båten att. Og det eg seie deg, du får tru det eller late vere: Eg veit ikkje kva det var som var laust, men nok av det: Vi hadde ikkje før fått nota i båten att, så kjem der ein sildedott inn på vågen der vi ligg! Vi gjekk til kast med ein gong og fekk han, og han sa det, bonden, at det hadde ikkje vore sildedottar inne på vågen der på lange tider. Men vi fekk han, med ein gong.

Og etter det var det som alt var forandra: Sild fekk vi, nota heldt. Kva det var? Nei det vil eg ikkje seie.......

Attgangar på Husøy

Han Nils i Seljestokken sa at på handelsstaden ute på Husøy var det ikkje fritt for attergangarar. Han sa at ein gammal suling hadde fortalt han at sjølvaste Gamle-Erik hadde vore på gjesting der ute.
Dei hadde handel der, og dei dreiv og skjenkte brennevin; og med den drykken følgjer mykje styggedom. Den vonde hadde synt seg i skapnad av ein stor, hovudlaus hund, og der som hovudet skulle ha vore, der var det berre eldslogene å sjå.
Dei kunne sjå dette store, svarte dyret fare og springe kring husa. Jau, han styggen sjølv har nok knipe mang ei sjel der ute på på Husøy....
Dei sa det at husa der skulle vera dei gamle prestegardshusa som var flytta frå Skorpa, der som prestegarden i Kinn låg før. Dei visste og å fortelje at den siste presten som sat der flytta inn til Florø. Han skulle ha tapt prestegardshuset på Skorpa i kortspel til handelsmannen på Husøy, men reint historisk er nok det siste tøv.

Då eg så sjøormen på Hop

Han som fortalde dette, ville ikkje at namnet hans skulle offentleggjerast.

Det var ein gong eg var i Sula med notbruket herifrå. Vi låg på Hop, og det var ein fin sommarkveld. Eg hadde høyrt at det skulle vera buadans eit stykke derifrå, så eg tok lettbåten og rodde stad. Dansen varte og rakk, og det lei på sundagsmorgonen då eg var på veg attende til dei hine.
Då eg kjem roande inn på vågen, vert eg var noko underleg som ligg og buktar seg bortetter sjøen. Det såg nett ut som ein stor niseflokk som for og dukka der. Eg var sitjande og bisne på dette. Sola var kommen så vidt opp så det skein og blenkte i desse våte ryggane. Men eg tykte det var så merkeleg at det heile tida liksom var på rekkje og rad bortover.
Og då kan eg ikkje seie anna enn at eg vart litevetta fælen, for om eg ikkje såg sjøormen den gongen, så var det iallfall nær på. Niser, som eg fyrst trudde det var, det var det iallfall ikkje. Novel, kva eg såg, det kan eg ikkje seie for visst i dag. Men er det sjøorm til, så er eg sikker på at det var noko slikt eg såg.

Eg har ikkje nemnt det til så mange før, for det som vert sett ein sundagsmorgon etter at ein har vore på dansemoro på ei bu i Sula er det vel ikkje så mange som lit på. Men det skal eg seie deg, at eg var like fastande eg den gongen som no eg sit her.