Eventyrskog

Segner frå Brekke

Desse to segnene frå Brekke er nedskrivne av Ingeborg Brekke. Segna om Malia vart for mange år sidan nedskrive på dialekt av Betsy Brekken (f. 1897) etter bestemor hennar. Betsy spurde om segna var sann Bestemora svara: "Eg veit ikkje, banj, da æ ei seiande segn".

Ingeborg Brekke har seinare skrive om nynorsken Gamle-lvaren skal ba levd i slutten av 1700- byrjinga av 1800-talet, skriv Ingeborg Brekke. Ho har ikkje klart å lokalisera han i bygdeboka, då der er Ivar på mest kvart hus.

Ei seiande segn frå Brekke

Dette er segna om Malia. Ho var berre to år då foreldra hennar kom flyttande "nordattifrå". Dei hadde kjøpt Flætegarden her borte på "strendå". Foreldra var noke tilårskomne då dei gifte seg, så Malia vart einebarn.Desse nye-folka på Flæte var gode nabofolk, sa strandefolket.
Strand var liksom storgarden der Flætekona hadde tent hjå presten der nordafor som dei kom i frå. Ho hadde lært så mykje meir enn folk flest den gongen. Ho kunne både skrive og lese i bøker. Å lage mat var ho glup til og. Men det var no liksom best når ho fekk bruke hendene.

Dei sa at ho hadde sett opp ein bomullsvev på 100 alen, moande åleine. Då hadde ho snudd garnbommen med ei hand og halde varpet med den andre. Enda var ho kome til framknyting før dagen var omme. Oppe i bygda var det mange som trudde at Mali var rette namnet på jentungen på Flæte. Men då ho stod på kyrkjegolvet, sa presten Marie.
På Strandegarden kom det berre gutar, sju stykke i alt. Flæte-Anna var nærkone då den siste kom. Han var ein liten, stakkarsleg unge. Mora hadde vore dårleg heile tida med ho «gjekk med han» Han døydde i ein farang året etter.

Det såg ikkje ut til at dei vart sjølvhjelpne med jente på Strandegarden. Hermund, som var eldst, brydde seg ikkje om jenter, sa folk. Malia var ofte på Strand og hjelpte til. Ho likte ikkje å gå åleine heim att. Dei sa at det var noke som låg oppe i «jelet» og let så løye.

Gamla på Strand meinte der kunne sakte ligge eitkvart som ikkje var kome i kristna jord. Det vart til at Knut følgde Malia forbi jelet kvar kveld når det var mørkt.
Så var det ein gong det kom ein gardmann frå kyrkjebygda. Han hadde kjøpt tømmer til ny løe. Han hadde bruk for ein snikkar og, sa han. Det vart til at Knut skulle reise. I førstninga var han heime kvar helg. Det var ikkje så lang roing heller. Utpå sommaren vart han lite å sjå. Berre ein gong etter dei var sette på stølen. Han var som viss på stølen før, sa stølsjenta på Strand. Malia lest ikkje vera som nokon såg, men der vanta noke på humøret, trudde dei.

I "bufåra" (heimflytting frå stølen), hadde Knut vore heime. Han hadde med seg husbondsfolket der han tente. Helga etterpå var det preik. Malia var med strandefolket til kyrkje. Ho og stølsjenta på Strand sat i same kyrkjestolen. Som vanleg vart det lyst til ekteskap etter at presten var ferdig med preika. Det vart lyst for Knut Halvarsson Strand og ei jente på garden der Knut tente.

Malia vart så bleik dei trudde ho skulle uvite, sa strandejenta. Ho sat resten av tida i kyrkja berre og knytte hendene om salmeboka. Knatt ikkje eit ord på heimturen heller. Heime tok ho av seg kyrkjeklæda, ville bort i lia og sjå etter neter, sa ho. Det hadde vore mørkt ei stund før Flæte-mannen kom til Strand. Dei vona så smått at ho kunne vera der.
Men Hermund tenkte sitt. Han tende sjålykta og tok ut for å leite kring fjøra og hamrane. Han kom ikkje att før dagen etter. Då hadde han vore i bygda og fått folk til å gå manngard. Dei leita ei heil veke, både i fjell og fjøre.
Men der sågst ikkje farvisst noken stad. Folk trøysta foreldra med at ho kunne ha rømt av einkvar annan stad! Slikt hadde hendt før. Ei ung jente som faren ville gifte med ein 50 år gammal enkjekall, ho rømde med nokre jektesiglarar sju mil sørom byn.

Det var ein dag mellom mikkelsmyss og helgemyss Knut var heime att, skulle henta resten av "hemdagodset" sitt. Dei skulle ha heimkome med helga. Mora ville at Knut skulle ro åleine ut om morgonen. Det følgde lukke med ei heimkome som vart halde i tre veksande: veksande dag, veksande måne og veksande sjø, sa ho. Men no lei det på dag og sjøen minka snart. Endå gjekk Knut bort i tunet og snudde. Det hadde ikkje vore noke tak i han sidan dette med Malia hende.

Men best det var, kom det nokre forskræmde gutungar springande nedover bakkane. Dei hadde funne Malia! Ho låg langt sør på stølsfjella attmed den store steinen. Knut sette i eit skrik som høyrdest over heile garden.
Hermund og faren kom or løa. Dei heldt på å 'dryfte". Mora og tenestjenta or kjellaren. Knut hadde sige i hop på stabburstrappa. Der stod dei ratt mållause.
Mora rådde med seg fyrst, ho anka seg for at no vart heimkoma åt Knut øydelagde. Men då var det Hermund som tok avgjerdsla. Han såg kvasst på mora og sa: "Nå får det vere som det vil med Knut og heimkoma hans. Nå skal Malia kome heim først". Såleis vart det.

Dagen etter jordeferda tok Hermund med seg pikk og pakk. Han flytte til Flæte. Dei kunne vel ikkje la desse gamle sitte der moande aleine, veit eg. Det var alt han sa. Men folk tenkte sitt. Dei på Strand og.

Huldreslåtten

På ein av gardane på Engesæter, fremst i Brekkebygda, levde ein mann som med tida vart kalla Gamle-lvaren. Han var kjend for å ha vore ein uvanleg treffsikker jaktmann. Han bomma aldri. Ein gong let han ein stor hjort gå framom seg og skaut han då han var komen opp på høgda, eit godt stykke frå der Ivaren stod. «Han var så stor at han kunne gå opp sjølv, så slepp vi bere han opp når vi skal heim» sa Ivaren til orsaking.

Fjelldalane der var som skapte for hjortedyr og hjortejakt. Men Ivaren gjekk helst åleine. Han kunne fare tidleg om morgonen utan niste og kome att først om kvelden. Han var ein sterk mann som såg ut til å tåle ein matlaus dag i fjellet. Ivaren var også ein ypparleg felespelar. Han var også bonde, men til fjellet for han med børsa i eino.

Så møtte han huldra. På veg heim ein kveld stana han og såg opp mot heia i «Talebotn». Der i ei skår sat ei ovende vakker, ung jente og kjemde det lange håret sitt. Ho tok til å tralla ein «lettføtt» reinlendar. Ivaren lytta, felespelar som han var. Til slutt såg han ikkje jenta, berre høyrde slåtten. Han kom seg heim og sette seg til med fela og spela slåtten halve natta. Han vart ikkje lik seg sidan, sa folk.
Han ville stå opp om natta og gå til denne jenta han hadde sett. Dei måtte hindre han i det. Ingen tvil hjå Ivaren at jenta hadde han sett og at ho hadde tralla slåtten. Huldreslåtten fekk andre lære hjå Ivaren.

Slåtten følgde mange generasjonar felespelarar. Felespel var vanleg musikk, det fanst felespelarar i kvar den grend. Det seiast at Arne Bjørndal klarte å få tak i denne reinlendaren då han samla slåttar. Det var i tilfelle bra, for her er det ingen att som kan huldreslåtten frå Gamle-lvaren.