Kvammeloftet

Restaurering av Kvammeloftet

Om KVAMMELOFTET

kvammeloftet
frå 25 års jubileet for museet 1934

Loftet kjem frå Nedre Kvamme i Borgund i Lærdal kommune og er eitt av svært få loft i Sogn. Fyrste høgda var bygd som ei sengebu, truleg sist på 1500-talet. Inne her finn vi vrield, merke som dei svei inn i veggene for å halda vonde makter borte. Sjølve loftet med utvendig trapp og svalgang på tre sider er påbygt seinare, truleg i 1745. Årstalet og dobbeltmonogrammet «01K S» er skore inn over døra. Dei trekanta gluggane i svalgangen på loftet kan vera skytegluggar, brukte for å skyta ulv som søkte til gards i harde vintrar.

Svalgangsstolpane i fyrste høgda har utskorne kapitél med stilreine, gotiske ornament som gjev loftet eit staseleg preg. Ved bryllaup og andre høgtider brukte dei lofta som opphalds- eller representasjonsrom, og om somrane overnatta ungdommane på garden der. Elles lagra dei klede og andre verdisaker i kister og skrin på loftet.

kvammeloftet med mange folk

Om Prosjektet:

Museumsnettverk for tradisjonshandverk fekk i 2018 forskingsmidlar frå Kulturrådet til eit paraplyprosjekt der målet er å visa det kunnskapspotensialet som ligg i handverket med for å tolka fortidas bygningar og objekt. Ein skal både vinna ny kunnskap om byggeskikken og utvikla metodar for handverksforsking på tvers av profesjonane.

Nettverket lyste ut åtte delprosjekt. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum utvikla ein søknad på vegne av Musea i Sogn og Fjordane, og vart valt ut som eitt av dei åtte». Vårt prosjekt er knytt til restaurering av Kvammeloftet, ein freda bygning på museet, som truleg er bygd i to etappar på 16- og 1700-talet. Det har fått tittelen «Analyse av opphav og historie til Kvammeloftet frå Borgund gjennom handverkskompetanse og restaureringsarbeid.

Kvammeloftet 2019

Tilstanden er no slik at den må restaurerast. Bygningen er relativt godt dokumentert på 1920-talet, og det er eit mål ved prosjektet å sjå korleis handverkskompetansen gjennom analysar og praktisk arbeid med Kvammeloftet kan stadfesta, nyansera eller påvisa feil i den eksisterande dokumentasjonen og vinna ny kunnskap.

Kvammeloftet har vore flytta fleire omgangar og det har vore utført omfattande vedlikehaldsarbeid på bygningen. Det er interessant å undersøka kva endringar som er gjort i samband med i flyttingane og vedlikehaldet, og å analysera kva betyding dette har hatt for tilstanden til bygget. Har ulike arbeidsmåtar og restaureringsmetodar hatt positiv eller negativ effekt på dagens tilstand?
Prosjektet skal gå over to år og skal munna ut i ein fagfellevurdert artikkel. Det er eit poeng ved prosjektet at her skal vera eit samarbeid mellom handverkarar og antikvar/konservator. Vi har også etablert samarbeid med fylkeskommunens kulturavdeling. Medarbeidarar i prosjektet er Ole Fredskild, Jan Arve Lund og Aage Engesæter frå museet, og Stig Andreas Nordrumshaugen frå fylkeskommunen.

Kvammeloftet fargar

Her på heimesida til museet vil vi følgja prosjektet trinn for trinn i tida framover. Kva er viktig å tenke på når ein startar med eit slikt prosjekt? Og korleis kjem ein i gang? Kva er fyrste steg?
Mange spørsmål melder både før ein kjem i gang, og undervegs. Følg med på heimesida og på Facebook, så vil du etter kvart få vere med på framgangen i restaureringa..

Ikkje kva tre som helst kan nyttast i restaureringa. Litt av arbeidet i skogen med å finne det rette emnet ser du her

Sjå eit biletalbum frå restaureringsarbeidet her

For meir informasjon om prosjektet, kontakt Ole Fredskild, ole.fredskild@misf.museum.no

Høyr eit utdrag frå audioguiden om Kvammaloftet:

Høyr eit utdrag frå audioguiden om Kvammastova:

Emneord: 
Emneord engelsk: