Jump to Navigation

Årbøker

Bli tingar av Årbok for Sogn!

Då får du
  • Årbok for Sogn, fritt tilsendt, i tillegg får du
  • gratis inngang på museet
  • 50% rabatt på nedfrysing av gjenstandar mot utøy

Pris kr. 250,- for enkeltperson og kr. 300,- for familie

årbok for sogn 2011
I samband med at museet opna ei ny utstilling i mars dette året, Ei tru med alt, arrangerte vi eit nasjonalt seminar med tittelen Det er meir mellom himmel og jord. Føredragshaldarane, som er av dei fremste i landet på sine felt, «trollbatt» deltakarane med interessante foredrag om folketru og folkemedisin, vernemagi og klarsyn, dekor og symbolbruk. Vi har fått nokre av dei til å formidle foredraga sine gjennom artiklar i årboka.
Meir om innhaldet

 

årbok, sognHeim og heimeinnreiing har vore eit sentralt interesse­felt for museet sidan det vart grunnlagt for vel hundreår sidan. Hus og bygningar påfrilufts museet gir innblikk i bu- og byggeskikk i det førindustrielle bondesamfunnet, og vi har ogsåhus som syner korleis folk har budd og innreidd husa sine i nyare tid. Likevel er det område og periodar som er lite dokumenterte. Det gjeld mel­lom anna byggeskikk og heimeinnreiing fråslutten av 1800-talet og i første delen av 1900-talet. l år har vi sett i gang eit prosjekt med ådokumentere ulike hus og heimar frådenne perioden, og i denne utgåva av Årbok for Sogn presenterer vi fleire artiklar som tek føre seg ulike sider av dette emnet.
Meir om innhaldet

 

I 2009 var det hundre år sidan godseigaren og samlaren Gert Falch Heiberg gav samlinga si av hus og gjenstandar til det nyskipa Historielaget for Sogn. Dette vart starten på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. I årboka markerte vi jubileet med å sjå tilbake på museet gjennom desse hundre åra.

Meir om innhaldet 

 

årbok, sogn, 2008I Årbok for Sogn 2008 har poteta fått mykje merksemd. Andre tema i årboka er 150 års jubileet til Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane, lovjevning og lovbrot i tidlegare tider, ein artikkel om Einar Førde og ein om "Stiftsstøtta" på Filefjell.

Meir om innhaldet

 

årbok, sogn, 2007I Årbok for Sogn 2007 handlar det om reiseliv og turisme. Her kan ein mellom anna lese om kjende og ukjende personar sine reiser i Sogn, om laksefiske i Lærdalselvi, om Nærøyfjorden på UNESCO si verdsarvliste og cruiseskipa på Sognefjorden. Visste du forresten at Årdal var eit populært reisemål for cruiseskipa på 1930-talet?

Meir om innhaldet

 

årbok, sogn, 2006Femten artiklar fekk vi plass til i årboka i år. Nær halvparten av artiklane høyrertil under hovudtemaet, kulturmøte. Utgangspunktet for val av tema er tilflyttinga og innvandringa til Sogn, i både nyare og eldre tid. l dei siste tiara har flykt-ningar og asylsøkjarar frå delar av verda med krig og ufred, komme til Sogn. Nokre for kortare periodar, andre har fått sin nye heimstad her. Mørkhuda personar og kvinner med slør og side, flagrande kjolar er med å prege gatebiletet i sognebygdene. Korleis lever dei her? Trivst dei? Korleis vert dei mottekne? Kva tykkjer dei om vår kultur? Mange spørsmål stiller vi oss om desse nye medborgarane våre - og nokre svar får vi.....

Meir om innhaldet

Graphic design by Gasta. Development and programming by: S.M.Bjørklund | Login