Oppgangssaga på Tingastad

Oppgangssaga på Tingastad

Saga på Tingastad vart sett opp i 1905 av Andreas Andersson Bøthun. Sonen Per fortel korleis arbeidet arta seg på ei sag som denne.

Forfattar: Rune Tangstad
Teikningar: Rune Tangstad
Foto: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
Bilete frå vågen i Bergen er tatt av Knud Knudsen

Frå «Årbok for Sogn» 1987.

Oppgangssaga på Tingastad

Heilt nede i sjøkanten, seks hundre meter stupbratt ned frå Haukåsen i Sogndal, ligg garden Tingastad, idyllisk sørvend, med utsikt over fjorden mot Frønningan og Fresvik og utan forbindelse med omverda, sjølv om DASH'en til Widerøe durar like over taket på dei gamle gardshusa fleire gongar dagleg.

Eit par hundre meter lenger inne mot Kaupanger, der fossen styrtar i fjorden, ligg ein gamal sagbygning. Tek du ferja frå Kaupanger til Gudvangen eller Flåm, ser du saga på høgre hand, like før du svingar inn Aurlandsfjorden. Skulle du vere i tvil om kva for hus det dreier seg om, oppdagar du snart det store vasshjulet på utsida av veggen.

saga frå sjøsida

Det er denne saga dette vesle stykket skal fortelje om, ikkje så mykje fordi saga er unik på nokon måte, heller fordi den kan stå som ein typisk representant for dei små gardssagene som det ein gong fanst mange av langs Sognefjorden.

I samband med at De Heibergske Samlinger planlegg å flytte saga til museumsområdet på Vestreim, er heile anlegget på Tingastad oppmålt og fotografert, og ein har samla ulike kjelder som kan fortelje soga om saga. Eigaren, Per Bøthun, har mellom anna gjeve verdfulle opplysningar som er med å danne grunnlag for denne artikkelen.

Oppgangssag og sirkelsag

Dei fyrste sagene som kom til Noreg for meir enn 400 år sidan var ikkje sirkelsager, slik me finn i moderne sagbruk. I staden var det eit langt, kraftig sagblad som skar opp og ned gjennom den liggande tømmerstokken. Rotasjonen i vasshjulet vart overført til opp- og nedgåande rørsler ved ein veivaksel, omtrent som i ein moderne bensinmotor, men i motsett retning.
Før vassagene kom, hadde dei saga bord etter same prinsippet for hand, ved at stokken låg på høge bukkar, slik at ein mann sto under og ein oppe på stokken og drog i kvar sin ende av saga. Det var difor ikkje unaturleg at det store sagbladet også vart nytta slik i ein maskinell samanheng. Desse oppgangssagene har vore i drift i Noreg langt fram i vårt eige hundreår, også etter at sirkelsagene kom i vanleg bruk. I dag er det få att, og dei som framleis vert drivne, er meir kuriositetar enn lønsame bedrifter.
Allereie tidleg i mellomalderen vart vasskraft teke i bruk til sagdrift på kontinentet. Ein reknar med at oppgangssaga fekk innpass her til lands seint på 1400-talet, fyrst på Austlandet. Fortenesta på desse små sagbruka var avhengig av tilgangen på tømmer, stabil vasskraft og gode utskipingstilhøve.
Vestlandsfjordane hadde alle desse føremonene, og etter kvart grodde det fram eit stort antal sagbruk av ulik storleik langs elvemunningane. Etterkvart som skogane vart uthogde i dei ytre kyststroka, vart hovudtyngda av sagbruksdrifta liggande i dei indre fjordstroka, der det enno var god tilgang på råvarer. Sagbruka vart i byrjinga drivne av adel og storbønder, men etterkvart kom også vanlege bønder med i utviklinga, og for mange av desse vart sagbruksdrift ei viktig attåtnæring.

Oppgangssagene i Indre Sogn

Også i Indre Sogn, som er eit av dei største skogområda på Vestlandet, vart sagbruksdrifta ei viktig næring, og det vart sett opp små bekkesager fleire plassar langs fjorden. Me kan mellom anna nemna Ytre Offerdal, Indre Offerdal, Nattvik, Vindedal, Hovland, Vestreim og Fresvik, som alle var i drift på omlag same tid som Tingastadsaga. I tillegg hadde dei store godseigarane i Frønningan, Amla og Kaupanger større sagbruk.

sager i sogn

Alle desse sagene låg innanfor eit område av fjorden på ca.35km. utstrekning. Her var det god tilgang på tømmer, det var vasskraft nok og jektene til Bergen var eit godt transporttilbod. Fram til andre verdskrigen var tilhøva i det heile teke gode for sagbruksverksemd, både som hovud- og attåtnæring. Etter krigen gjekk talet på dei mindre bondesagene kraftig attende.

Tingastadsaga

På Tingastad har det vore sagbruksdrift langt attende i tida. Allereie i 1658 vart det sett opp sag på staden, Indre Tingastad sag, og 4 år seinare kom Ytre Tingastad sag. Per Bøthun fortel vidare at det skal ha vore ei sag på plassen Sleipen, som høyrde inn under Tingastadgarden.
Den saga som i dag står på Tingastad vart oppsett av Andreas Andersson Bøthun i 1905. Andreas kom frå Fresvik i 1895 og starta tidleg i sagbruksnæringa.
Den fyrste tida på Tingastad hogg han sjølv tømmeret, fekk det lasta på jekter og reiste sjølv inn til saga i Vindedal i Lærdalsfjorden, der han leigde sag og skar. Tømmer hadde han tilgang til, sjølv om det ikkje låg skogeigedommar til garden han pakta.
Paktaren på Tingastad var nemleg skogvaktar for bygdeålmenningane på Kaupangeråsen. Bygdene Vik, Fjærland, Feios og Leikanger hadde, saman med Staten, kvar sine skogområde som dei hogg i kvart år. Det var skogforvaltaren Sogn og Fjordane som blinka, og skogvaktaren hadde oppsyn med hogsten.
Sjølv kunne Bøthun hogge det han trong til eige bruk "på del", dvs. at han kunne behalde ein viss del av det tømmeret han hogg, frå ein halvdel til tre femdelar, avhengig av kor vanskeleg hogsten var.
Når tømmeret fyrst var komme på saga, enda det likevel oftast med at han kjøpte eigaren sin del også. Kommunane var som regel meir enn viljuge til å selje. Etterkvart vart det vel for omstendeleg å frakte tømmeret til saga i Lærdalsfjorden, og trongen for eiga sag melde seg.
Naturtilhøva, som hadde lagt grunnlaget for sagbruksdrift allereie 250 år tidlegare, var der jo enno, og den vesle fjellknausen ved utløpet av elva, berre fem minutt frå garden, peika seg ut som ei god plasseringsstad for ei sagbygning. 1 1905 sette Andreas i gang med byggearbeidet.

Saghuset

Det var mykje grunnarbeid som måtte utførast før bygget og dei tekniske installasjonane kunne komme på plass. Sjølve ramma som sagbladet var spent fast i, måtte ha god plass under seg for å kunne bevege seg opp og ned. Difor sprengde dei fyrst vekk ein del av fjellknausen. Det var ein vegarbeidar frå Fresvik som sto for dette arbeidet. Den utsprengde steinen vart brukt til å mure opp to solide søyler i framkant av saga, ut mot sjøen. Golvet i saghuset kunne no kvile på desse søylene i framkant og på berget i bakkant.

saghuset

Med resten av steinen mura dei opp ein velteplass for tømmeret aust for saga. Opptømringa av saghuset vart utført av snekkar Anders Haukås frå Eidet. Han la to kraftige stokkar frå fjellet fram til søylene. Desse stokkane bar golvåsane, som vart lagde med omlag ein meters mellomrom. Veggane vart reiste med bæresystem av vertikale og skrå stolpar som igjen bar eit tak med sperrer og hanebjelkar. Alt treverket vart øksa til på plassen. Veggane på baksida og mot bekken vart kledde med panel, medan veggane mot sjøen og mot aust vart ståande opne. Her skulle ein ta inn tømmeret frå velteplassen og sende det ut att som ferdige bord.

Samledam og vassrenne

For at ein skulle kunne utnytte vasskrafta best mogeleg, måtte vatnet samlast best mogeleg. Eit stykke oppe i elva vart det bygd ein samledam av tømmer. Tingastadsaga var ei flaumsag som berre saga i vårflaumen. Sagdammen var difor ikkje eit magasin for oppdemming av vatn, men berre ein måte å samle vatnet på, slik at ikkje noko gjekk i sjøen ubrukt. Ved dammen var ei lukeanordning som kunne styrast med ein wire nede frå saghuset, slik at ein kunne stengje vasstilførsla nedanfrå. Når ein skulle opne luka, måtte ein likevel opp til dammen.

snitteikning>

Frå sagdammen ned til saga førte ei vassrenne av trebord som Andreas antakeleg fekk skore i Vindedal. Det skulle gode material til, dersom renna skulle verta tett. I botn av renna låg borda kant-i-kant, kvilande på tverråsar. Sideveggane var av eitt ståande bord. Ein kile på utsida av dette bordet tvinga botnborda saman, slik at renna vart tett.

Vasshjul og sagverk
vasshjul og sagverk

Ved enden av renna, rett utfor veggen av saghuset, vart vasshjulet plassert. Opphaveleg var det eit såkalla undervasshjul på Tingastad. Undervasshjula er etter måten små, og dei ligg "oppi renna ", slik at vatnet treffer skovlene på undersida av hjulet. Ved ei slik løysing er det farten på vatnet som gjev kraft, ikkje tyngda. Difor kravdest det ei vassrenne med stort fall det siste stykket ned mot hjulet. Frå hjulet vart krafta overført direkte til veiven og sagramma. Sjølve sagramma var av tre og var opphengt i hanebjelkane i taket. Dei to bjelkane rett over sagverket er difor av mykje større dimensjon enn dei andre.
Ned mot sjøen, aust for saga og nedanfor tømmervelta, vart det bygd kai for lagring av ferdigskore material og for lasting av jektene som skulle frakte borda til Bergen for sal. Slik såg i grove trekk anlegget på Tingastad ut fram til 1930-åra.

Andreas Bøthun kjøper nytt sagverk

Kristian Knudsen heitte ein mann på Hermannsverk. Han dreiv sardinfabrikk, trelastlager og sagbruk der i mellomkrigstida. Etter at sagbruket brann ned til grunnen, slutta Knudsen med sagbruksdrift, sjølv om sjølve sagverket, ei svensk oppgangssag av jarn, var så å seia uskadd.
Andreas Bøthun og sonen Per interesserte seg for dette sagverket. Dei dreiv framleis med den gamle tresaga med undervasshjul på Tingastad. Kunne dei skaffe seg eit slikt moderne sagverk, kombinert med nytt overvasshjul, ville dei kunne forlenge sesongen merkbart og sikre meir stabil drift. I 1933 kjøpte dei sagverket til Knudsen. Like etter døydde Andreas, så det vart Per som fekk oppgåva med å flytte det store og tunge sagverket.
Saga vart demontert i Hermannsverk og delane frakta med motorbåt inn til kaia på Tingastad, der dei vart flytta på plass i saghuset med patenttalje og handemakt. På førehand hadde dei støypt fundament for sagverket omlag på same plassen der det gamle verket hadde stått. Deretter vart det gamle vasshjulet utskifta.
Det lille undervasshjulet måtte vike plassen for eit stort overvasshjul, meir enn 4 meter i diameter. Overvasshjula får, som namnet fortel, vatnet inn på oversida av hjulet. Skovlene er utforma som skuffar som vert fylde med vatn, og tyngda av vatnet får hjulet til å rotera. Når skovlene var komne ned på undersida, vart dei tømde for vatn. Med eit slikt hjul er det tyngda av vatnet som driv hjulet, ikkje fart og store vassmengder. Difor kunne ein drive saga også med mindre vassmengd enn tidlegare, og soleis forlenge sesongen med omlag to veker.

Det var inga enkel sak å bygge eit slikt hjul. Det var Anders Haukås som fekk jobben, nær 30 år etter at han hadde sett opp saghuset fyrste gong. Denne gongen hadde han med seg sonen sin og. Fyrst la dei krossane, omlag som eikene i eit sykkelhjul, 8 på kvar side, med eit firkanta hol til hjulstokken i midten. Så festa dei ringveden, stykke for stykke. Denne var laga etter mal, med spor for skovlene. Når dei var ferdige vart hjulet samansett og delane merka. Deretter vart heile hjulet teke frå kvarandre att og frakta til Tingastad. Der skulle det monterast og plasserast på hjulstokken.
Det var eit presisjonsarbeid. Hjulet skulle gå utan kast, skovlene skulle stå i ein viss vinkel, slik at dei ikkje sleppte vatnet før dei skulle ta fatt på oppturen att. Samstundes skulle hjulet tåle mange års slitasje og vær og vind.
På motsett ende av akslingen vart det sett opp eit stort tannhjul, opphaveleg frå ein av sagene til Knagenhjelm på Kaupanger. Frå dette hjulet vart krafta overført via akslingar, hjul og reimer til veivakslinga på sjølve sagverket. Dette verket hadde ikkje eitt, men opptil 9 blad, montert i ei jarnramme med høve til å regulera avstanden og dermed dimensjonane på borda. På denne måten saga dei heile stokken i ein omgang. Med dette var saga ferdig ombygt, og slik står ho den dag i dag.

I dei neste avsnitta skal me sjå litt nærare på det arbeidet som gjekk føre seg i tilknyting til sagbruksdrifta. Sjølv om sjølve saginga gjekk føre seg i nokre hektiske vårveker, var det mykje arbeid både med innhenting av råvarer og transport av den ferdige trelasta.

Hogst, løyping og fløyting

Tømmerhogsten var vinterarbeid, på Tingastad som andre stader. Tømmeret, som høyrde til allmenningen, hogde dei "på del ". Ein del til seg sjølv og ein til eigarane. Kjøpet vart kontrollert av ein nøytral person som målte stokkane i toppen. Dei som var over 6 tommar i toppen gjekk for ein pris, dei som var under for ein lågare.
Alt tømmer vart hogd i lengder på 4 alen. Ofte vart det gjort på den måten at ein hogde eit skår i stokken for kvar 4 alens lengde før ein slepte det fram til løypa. På vegen ned dei stupbratte fjellsidene knakk stokkane der dei skulle før dei nådde sjøen. Løypinga av tømmer skjedde utpå vårparten. Det var mange bratte og stygge løyper, difor var det om å gjere å løype tømmeret før det var for turt. Då var det seigast og tolde best den harde medfarten. Likevel var det ein del tømmer som vart øydelagt, og det vart som regel ein fæl jobb for han som skulle reinske stokkane for jord og stein før skjering. Var ein heldig, fekk ein eit seint snøfall som "mjukna" løypa og gjorde ho glattare. Då vart svinnet mindre. I motsetnad til mange andre sageigarar, var Per Bøthun heldig stilt når det gjaldt frakteavstanden frå løypene til saga.
Etter at tømmeret var løypa ned i fjorden, måtte det fløytast til saga. Dei samla tømmeret i lense, "bom av stokkar samanhekta med kjetting. Ein slik bom kunne vanlegvis romme rundt 25 tylfter tømmer, men av og til opp i 40-50 tylfter. Ein rekna at ein bom på 20 stokkar kunne romme 4-5 tylfter tømmer. Det vart fleire slike fløytingar i løpet av ein sesong.
Ettersom Bøthun fekk tømmer frå ulike allmenningar heile tida. måtte tømmeret haldast frå kvarandre. På ein vanleg sesong med den nye saga kunne dei sage omlag 100 tylfter tømmer, dersom vatnet heldt.

Opptrekking og klårgjering av tømmeret

Så var alt klårt for årets hektiske innsats. Første ladning av tømmer låg klårt i bom utanfor saga, som var klårgjort og oppussa. Sagblada var skarpe og nyfilte og vassrenna hadde fått litt vatn, så ho var god og trutna. I månadsskiftet april/mai sette vårsola fart i snøsmeltinga, og dermed kom også sagevatnet.
Opp frå vatnet var det bygd ei " sleipe" av glatte stokkar, lagt saman til ei slags renne. Opp denne sleipa trekte dei stokkane ved hjelp av eit opptrekk som var kopla til vasshjulet. Opptrekket var ein lang wire med jarnklør som vart banka inn i stokkane.
Ein mann trekte til seg stokkane i sjøen med ei "piggtro", ei lang lekt med ein spikar i enden. I sjøen ved enden av sleipa sto ein mann med hammar og slo jarnklørne fast i stokkane. Det meste dei kunne ta i eitt drag var 6 stokkar. Når stokkane var komne opp til saga, sto det 4 mann og løyste dei og vippa dei opp på velteplassen til mellombels lagring. Medan dette vart gjort, slo mannen i sjøen fast 6 nye stokkar. I denne delen av arbeidsprosessen var det med så mykje som seks-sju mann samstundes.
Før stokkane kunne gå gjennom saga, måtte dei "pyntast", reinskast for jord og stein som hadde slege seg fast på den ville ferda nedetter fjellsidene. Reinskinga gjekk oftast føre seg parallelt med saginga. Det var to mann som reinska, og reiskapen dei nytta var Øks. Etter at dei var fri for steinar, vart stokkane "kolla " hogd reine i endane. Deretter vart dei rulla opp på saga.

Saginga

Oppe på saga sto det to mann, ein "frammann" og ein "bakmann ". Sageigaren sjølv var frammann. Det var ein ansvarsfull jobb og kravde ein røynd og flink arbeidskar. Stokkane vart rulla opp på saga på ei "bru" av stokkar som låg frå tømmervelta. Vel oppe vart stokken rulla bort til ein skinnegang som førte inn mot sagramma. Framenden av stokken vart lagt opp på ei trerulla rett bakom sagramma, bakenden vart fastskrudd i to jarnklør på ei lita vogn som trilla på skinnegangen mot saga.
På sagverket var det montert eit par rullar med "tenner" som roterte i skyveretninga. Når stokken vart ført mot saga, fekk desse rullane tak og drog stokken gjennom sagverket med passe fart. Farten på framdraget kunne regulerast med ein spake. Det var særs viktig at farten ikkje vart for stor når stokken gjekk inn i saga. I motsett fall kunne sagblada hogge seg fast, og både vogn og stokk kunne fare i lufta.

saga og valsene

For å hindre at dette skjedde, hang det ein kraftig stokk ned frå taket rett framom saga og støtta oversida av stokken når den kom ut frå saga. Det var frammannen si oppgåve å vurdere farta på framdraget i høve til korleis kvar einskild stokk såg ut. Med ei jamn og fin overflate gjekk det fint, men dersom stokken hadde mykje kvist og ujamne flater, måtte han vere ekstra påpasseleg, slik at ikkje rullane fekk for godt tak og drog stokken rykkvis fram. Skulle det gå ekstra gale, hadde ein og høve til å stogge heile saga. Dette gjorde ein med ei stong som stakk opp av golvet på saga. Drog ein i denne, flytta ein reima frå drivhjulet over på eit frihjul, og saga stogga sjølv om vasshjulet gjekk.
Skinnegangen fortsette også på framsida av saga, og her sto ei vogn til med festeklør. Så snart stokkenden var kommen fram frå saga, var det bakmannen si oppgåve å skru den fast i vogna. Når stokken var heilt gjennom, var det berre å kvitte seg med borda og ta imot neste stokk, som allereie var på veg fram gjennom saga.
Bakmannen hadde ein travel jobb, og medan saginga sto på, vart det ikkje mange pausar. Kvar time med godt sagvatn var verdfull. For å halde greie på kor mykje ein greidde å sage på ein dag, hadde dei hengt opp ei lita tretavle på ein av stolpane på saga. Her streka dei opp med krit talet på firebord-stokkar, fembord-stokkar, seksbord-stokkar og så vidare ettersom dei skar. Det var litt prestisje og konkurranse sagmeistrane imellom om å stelle saga så godt at den skar mest mogeleg.
Det var ikkje alltid tid til å stable materialane skikkeleg. Dei ferdigskorne borda vart sende ned på kaien på to glatte stokkar som låg på skrå opp til saggolvet, over tømmersleipa. Etterkvart bygde det seg opp haugar med materialar som kunne ligga høgt opp på saggolvet, og bakmannen måtte til slutt bere borda ut. Av og til måtte ein ta pausar i saginga for å få tid til stable borda på kaien.

Stabling og sortering

Under stablinga på kaien skulle borda grovsorterast etter storleiken. Største borda var " sidebord" , som var ti-toms breidd, "kjøpmannsbord" var åttetoms, "samfengd" var sekstoms og "utskott" var den simplaste kategorien. Alle mål vart tekne i den smalaste enden av bordet, men røynde arbeidsfolk såg med ein gong kva slags klasse dei materialane einskilde borda høyrde til i.Finsorteringa vart gjort seinare, når vart selde og lastaombord i jektene.

Ein vanleg arbeidsdag

Slik var i grove trekk arbeidsprosessen ved saga. Når ein bom med tømmer var oppskoren og stabla, kom ein ny inn. Alt arbeidet gjekk på høggir. Det var om å gjere å nytte best mogeleg den månaden det var godt sagevatn, så arbeidsdagane vart ofte lange. Sagmeisteren sjølv var oppe ved femtida om morgonen, fekk seg ein kaffitår og gjekk på saga for å file blada. Dette tok nesten to timar, så når resten av mannskapet kom ved sjutida, var dei skarpe og klåre til bruk.
Filinga var eit viktig arbeid, for det var ein føresetnad for eit godt resultat at saga beit godt, og saga vart fort slitt på grunn av all sand og stein som sat i tømmeret etter løypinga.

Før ein kunne starte saginga, måtte ein mann opp til dammen og opne luka. Sidan gjekk saga til klokka var tolv. Då var det middag for alle unnateke sagmeisteren, som måtte vere att for å file sagblada på nytt. Dette arbeidet måtte skje i pausane, for at ikkje verdfull arbeidstid skulle gå tapt. Sagmeisteren fekk maten bringa ut til seg på saga. Etter middag gjekk saga til klokka fire. Då var det kaffipause, så sette ein i gang att og saga fram til sjutida om kvelden. Då stengde dei sagvatnet med stengingsmekanismen nede på saga og tok kvelden.

Sognabord

Som me var inne på tidlegare, hadde sagramma på Tingastad innspent 9 sagblad. Avstanden mellom desse var regulert av treklossar. Vanleg bordtjukkleik var ein god tomme. Sognaborda var ukanta, og ettersom dei alltid var målte i den smalaste enden, fekk kjøparane mykje for pengane. Sognaborda var difor svært ettertrakta hjå snikkarane i Bergen.
På Tingastad var det rett nok montert ei sirkelsag som var kopla til vasshjulet, men denne vart mest berre brukt til kapping av hunved, og ikkje til kanting av bord.

Arbeidarane

Arbeidsfolka kunne variere frå år til år. Saginga var sesongarbeid, så ein tydde ofte til meir eller mindre tilfeldig, leigd hjelp. Men vaksne menn måtte det vere. Arbeidet var tildels farleg, med både reimskiver, sagverk og anna som ein lett kunne øydelegge seg på. Folk under 18 år var det ikkje lov å nytte.
Heile sagsesongen budde arbeidsfolka på Tingastad og fekk kost og losji der. I tillegg leigde ofte sagmeisteren arbeidsfolk frå Haukåsen, som gjekk heim til seg sjølv når arbeidsdagen var over.

Sal og utskiping

Ein gong i månadsskiftet mai/juni byrja vatnet i bekken å minke. Var ein heldig, hadde ein fått unna alt som var hogge, viss ikkje, fekk ein kan hende høve til å sage nokre dagar på regnvatnet om hausten. Desse materialane vart dårlegare ettersom stokkane hadde lege ute heile sommaren.
Etterkvart låg stablane med ferdige bord klåre til jektetransport nede på kaien. Det kunne vere sju-åtte stablar med 4-alningsbord, plassert i to rekker bortover kaien. Kvar stabel kunne innehalde 50-60 tylfter bord. Stablane låg på to lag med strø for å få luft innunder, så dei ikkje skulle blåne. For å halde dei turre, låg det eit bordtak på toppen.

Slik låg dei borda til mars året etter. Då fyrst vart dei frakta til Bergen og selde. Denne ventinga hadde litt med marknaden å gjere. På denne tida av året var det meste av materialane frå andre plassar komne til byen og var omsette, og etterspurnaden hadde teke seg litt opp att.

Frakta gjekk føre seg med det vanlegaste transportmiddelet i fjorden, sognejekta. Jektene la til nede ved kaien og brukte eit par dagar på ombordlastinga. Under innlastinga vart borda finsorterte, og ein bordteljar skreiv ned mengda av dei ulike storleikene. Så drog jektene til byen for å selje.
I Bergen vart dei liggande til dei hadde fått omsett alt dei hadde med. Jektekarane hadde ofte faste oppkjøparar som dei vende seg til kvart år.

vågen i bergen
(Bilete er tatt av Knud Knudsen og brukt til artikkelen i "Årbok for Sogn" frå 1987)

Prisane var ikkje faste, men vart i stor grad regulerte av tilbod og etterspurnad. Det var om å gjere å finne ein jekteskippar som var påliteleg, hadde dei rette kontaktane og var flink til å forhandle. Dei måtte betale dagpengar for å ligge ved kai i Bergen, og fekk dei ikkje selt, kunne mykje av overskotet gå vekk til dette. Det var jekteskipparen Per Hove frå Feios som frakta fast frå Tingastad. Han hadde sine faste kundar i byen, som han leverte til kvart år, og han var flink til å selje.

Dei siste åra

Slik gjekk åra med hogging, løyping, fløyting, saging og sal fram til andre verdskrigen. Då vart det innført nye reguleringar av trelasthandelen, og sagbruka vart inndelte i to kategoriar, handelssagbruk og bondesagbruk.
Handelssagbruka kunne framleis selje fritt, men bondesagene, som omfatta alle dei små gardssagene, måtte selje til grossist eller trelasthandel. Dette ekstra leddet skulle sjølvsagt ha sin avanse, og dermed vart mykje av fortenesta til sagbrukseigaren borte.

Etter den nye ordninga kunne Bøthun selje 10% av produksjonen sin fritt, resten gjekk anten til trelasthandlarar i Bergen eller lokalt. Denne ordninga heldt fram ei tid etter krigen, og etter kvart var det ikkje anna råd enn å innstille drifta. Då hadde saga gått jamt og trutt i vel 40 år. I nye 40 år har no saga stått ubrukt på Tingastad, og forfallet er så smått byrja å tære på det gamle anlegget.

Saga ligg veglaust og vanskeleg tilgjengeleg til, og skal ho sikrast, må noko gjerast snart. De Heibergske Samlinger og Per Bøthun er blitt einige om at saga bør flyttast til det nye museumsområdet på Vestreim i Kaupanger, til elva der det tidlegare har stått to liknande sager som i dag er vekk.
På museet er dei gamle sagdammane restaurert og tilhøva ligg godt til rette for å setje saga i drift att. Det er alltid ei vurderingssak om eit bygg skal flyttast frå sin opphavelege plass til eit museum. Ein mistar alltid noko verdfullt på vegen. I dette høve ser det ut til at dette er den einaste løysinga for å berge anlegget.
For å sikra at mest mogeleg kunnskap om det gamle anlegget vert teke vare på, er no både hus, maskiner, dam og vassrenner oppmålte og oppteikna, heile anlegget er gjennom fotografert og ein har intervjua folk som var med på drifta av saga. På denne måten vil ein kunne sikre minna om ei av dei viktigaste næringane langs Sognefjorden i eldre tider.

Kjelder:

Intervju med Per Bøthun (aug./sept. 1985).
Oppmåling av saga ved Rune Tangstad sommaren 1985.

Bygdebok for Sogndal. Forfattar: Per Sandal.
"Vanndrevne oppgangssager", Magistergradsavhandling i folkelivsgransking av Danckert Monrad- Krohn, Univ. i Bergen 1976.
"Jektekarane fortel", artikkel i Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn nr.25, 1976. Forfattar Johs. B. Thue.
Intervju med Svein Henjesand (aug. 1985).