Olsokmarkering på museet

Olsokmarkering på museet

Med olsok rett rundt hjørnet, vil dette verta tema for den komande museumsonsdagen:

Her vil de få spennande forteljingar om både overtru og tradisjonar. Og kanskje vert det også litt flørting? ;) Det vil som vanleg vera folk i husa og på uteområdet. Og så middag så klart.

Frå kl. 13: Folk i husa og på uteområdet med husflid og handverk

Kl. 14 og 15: Forteljingar om olsok, overtru og tradisjonar med Lars Asle Vold. Oppmøte i Stavedalsstova.

Kl. 14-17: Museet serverer rømmegraut med spekemat, og sviskesuppe til dessert

Kl. 18: Kveldsvandring på friluftsmuseet med Lars Asle Vold og Judith Vestreim