Norsk Spælsau

Vår viktigaste kulturlandskapspleiar!

LITT OM SAUEN

Den første tamsauen, som likna spælsauen, kom til Skandinavia for om lag 6000 år sidan. Før var ulla meir verdt enn slaktet, og mjølka var viktigare enn kjøtet. I Frankrike er framleis sauemjølk eit viktig produkt. Roquefortosten er til dømes laga av sauemjølk.
I Noreg har det vorte færre sauebruk, men mengd sau på utmarksbeite har ikkje endra seg så mykje. Dei seinare åra har talet vore på rundt 2 millionar sauer og lam (SSB).

KULTURLANDSKAP

Sauen er vår viktigaste pleiar av kulturlandskapet i dag. Sauene beitar heile vekstsesongen, både på innmark, utmark og i fjellet. Beitemarkene er av våre eldste kulturmarkstypar. Me finn spor etter husdyrhald på beitemarkene heilt frå 4000 år f. Kr.

Det er dei gamle og ugjødsla beita som er mest artsrike. I område der det ikkje lenger er sau i utmarka, skjer det ei rask gjengroing med buskar og tre. Sauen er såleis også viktig for bevaring av det biologiske mangfaldet. Sauen held landskapet Ope.

SOSIALE KOSEDYR

Sauer er flokkdyr og likar ikkje å vera åleine. Museumssauene er glade i folk og vil gjerne ha litt kos!