Segner frå Vik

Nokre segner frå Vik

Desse segnene er samla av Jo Refsdal, og gjeve til museet av Arne Bø, Sogndal.

Tri gygrar

Tri gygrar gjekk inn i eit veddemaal. Ei tok paa seg å byggja ei kyrkja, ei vilde grava far aat Hoprao, elvi gjennom Bødalen, og hi vilde vera sprek og varpa, spretta langt elder høgt utan tilsprang med baae føter jamsides, tvertyver Vikbugti fraa Seimshesten til Gunnarssetnovi tri ganger fram og attende.
Paa fjellet Seimshesten er ei legd som heiter Varpet den dag i dag. Det galdt um aa verta fyrst ferdug.
Ho som bygde kyrkja vart ferdug fyrst, og daa ringde ho. Ho som grov elvefaret kom med det same ned til Tryti. Daa ho høyrde kyrkjeklokka til, og med det same braut ho reka tvert av, og ho "trytte" so saart. Derav namnet Tryti. Hadde ho fenge teke eit spatak til, hadde elvi fenge eit djupt far. No spreider ho seg paa Tryti i fleire smaafar og samlast alt paa Hoprekstadeiga etter aa ha laga ei stor øy, Trytiøyna.
Store steinstykke og bergbrot ligg ihopskura attmed Trytibtui, det er uppkast or Skodlagilet. Ho, som varpa, høyrde kyrkjeklokka ringde med det same ho spratt til frå Varpet siste gangen. Ho fekk slik støkk i seg med det same, at ho vann ikkje fram, men datt ned i osen aat Hoprao og sprakk.
Det vart ein ulidande stank med det same, og fyrr ho andast sa ho at denne vonde, ulidande teven skulde alltid kjennast der. Og teven kjennast der den dag i dag.

Andre fortel um ho som grov elvefaret, at ho byrja ned i fjøra. Daa ho kom til Hopperstad, miste ho ein sko, men ho hoppa paa ein fot og grov like radt. Derav namnet Hopperstad. Ho kom til Tryti, høyrde kyrkjeklokka, braut av reka og trytte, derav Tryti.

Hr. Ivar Leganger

Hr. Ivar var prest i Vik fraa 1657 til 1702. Han var gift andre gangen med Anna Finde. Samtale millom bygdefolk var ho alltid kalla «Finskao».

Her gjeng endaa segn um Finskao, liksom her liver segner um hr. Ivar.
Ein preikesundag hadde hr. Ivar gløymt aa gøyma Svarteboki. Finskao var heime den dagen med borni og husstellet. Ei av døtrene hadde erend inn paa kontoret til presten. Der vart ho var ei bok, ho inkje hadde set før. Sjølvsagt laut ho kika i boki. At ho raaka til aa slaa upp og lesa det stykke som løyser styggen er likso sjølvsagt. Han kom rennande, kann ein vita, og spurde kva han skulde gjera.

Finskao, som elles kunde meir enn mata seg, var denne gongen raadlaus. Men so kom hr. Ivar like fraa preikestolen. Han slo ned 2 tunner rug og bad han plukka alt uppatt, men eit korn i senn. Han vart likevel ferdig før hr. Ivar vann finna upp det stykket som kunde binda han.
Han vart daa send upp paa ekserserplassen til aa riva upp sprake. So var stykket funne, og gamlingen fekk ikkje raada seg som frikar i prestegarden lenger.

Finskao

Uppyver Tenold er ei liti egg, ein moræne som heiter Gjerdseggi. Der gjekk Finskao ein tur ein dag. Framfor føterne hennar vatla ei noko vidvori mus. Ho var ungefull.

Finskao segjer:
"Kvifor gjeng du stendug soleis framfyre føterne mine? Kom heller til meg naar du kjem i seng, um eg daa kunde vera deg til hjelp". Musi kom vekk, og Finskao gløymde heile hendingi.

Ikkje mange dagar etter kom ein framand mann, helsa paa Finskao og spur um ho vilde gjera so vel aa fylgja honom heim til kona hans, som no stridde i barnseng. "Du hev lovt henne det før, sa han».
"Eg kjenner korkje deg elder kona di, og ikkje veit eg av, at eg hev lova noko sovore", sa Finskao.
"Minnest du musi, du tala til paa Gjerdseggi? Det var kona mi, det", sa han.

Daa hugsa ho det heile, men svara: "Ikkje veit eg, kor de bur, so eg kann finna fram til henne»
"Vegen er ikkje lang. Du kan berre gjera deg ferdug og fylgja meg med same," sa han.

Ja, Finskao budde seg, og dei tok i veg. Burte med stabburstolpen kom ho seg inn i ein heim, ei stova, der det skein av velstand og hyggje. I sengi laag ei ung kona og anka seg, og det var paa høg tid at hjelpi kom.
Då alt var yver, og Finskao fekk henderne fri, kom ho til aa stira på den trivelege tenestgienta, som for der og hadde det travelt med aa hjelpa henne, naar det var turvande, og med uppvartningi.

Det var daa mykje, kor ho var lik hennar eigi tenestgjenta. Det maatte ho faa greia paa. Ho fekk høve til, utan at nokon gaadde det, aa setja fast ei knappenaal bak i stakken aat gjenta.
"Ja, so er ho ferdug og skal fara att". Mannen bed henne koma burt til seg. Eit stort bidne fullt av blanke pengar stend framfor han. Ho held fram fyreklædet sitt, og han auser upp i det neve etter neve.
"Du må taka deg i vare med same du vil ut døri; for sant er det sagt, at troll aldri kann vera prettalause", sa han, daa ho takka for seg og gjekk. Ho let fort upp, men kasta seg svint bakum døri istadenfor aa stiga yver dørstokken. Daa for det ei gloande jarnstong susande framum henne og ut døri.
"Raaka eg deg?" ropa det innanfraa.
"Nei!' svara ho.
"Gud ske lov" lyder det derinne.

Daa ho kjem heim, fer lenestgjenta der slapp og sliti. Ho geispar og er ulag.
"Eg er so slapp og so trøytt!", jamrar ho seg.
"Det er ikkje aa undrast yver. Du arbeidde ikkje so lite inatt", sa Finskao.
"Inatt, eg.?" undra hi seg.
"Ja, Snu deg, faa sjaa!".
Daa stod naali der i stakken. Finskao tok ho fram att og fortalde alt.

Den stakars gjenta hadde, utan sjølv aa vita det, vore i onnugt arbeid i huldreheimen hjaa den hugtekne gjenta, som var gift og fenge sin fyrstefødde.

Finskao

Ein preikesundag etter hr. Ivar var komen fraa kyrkja, gjekk han ut for aa sjaa kor grøda stod. Ei liti gjenta var med. Stundom leidde han og stundom bar han barnet. Han undra seg yver, at hans aakrar stod so mykje meir lovande og rik paa grøda enn andre sine aakrar.
"Det er ho mor, som gjer det", sa barnet.
"Kor kann du vita det?" spurte han.
"Vil du sjaa det?".
Ja, det vilde han gjerne.
"Du lyt gaa med meg rundt ein aaker daa, papa!", sa barnet.
Dei gjekk, og ved kvar hyrna sputta veslegjenta. Nei, sjaa, daa regna det yver denne aakeren.
"Hev mor di lært deg dette, spur han.
"Ja, det hev ho", svara veslegjenta.
"Naar me no kjem heimatt, so brenn eg deg", sa han. "Er det av det gode, so kjem du ikveld aat på glaset so kvit som ei rjupa, men er det av det vonde so kjem du so svart som ein ramn".

Ho vart brend. Urn kvelden kom ho att svart som ein ramn, kakka paa glaset og klaga sutrande og saart: "Nei, min kjære papa! For meg er ingi naade aa faa!"

Ivar Leganger

Hr. Ivar studera eller gjekk presteskulen i Wittenberg. Han og tvo andre herfraa landet var studiefelagar. Dei hine var hr. Jonas, som seinare vart prest paa Voss, og hr. Ivar prest i Vik. Dei tok sin eksamen samtidig.
Av kvart kuld skulde den vonde hava ein i den tid, og luten fall paa hr. Ivar. Soli skein klaart, daa han kom og skulde henta hr. Ivar.
"Han stend bak meg, tak han", sa hr. Ivar.
Ja, styggen strauk avstad med skuggen, og hr. Ivar var sidan utan skugge.

Desse 3 fann paa, at dei vilde sjaa seg um, før dei for heimatt og la heimvegen slik, at dei kom til aa fara gjennom Tyrkiet. Ein stad vart dei viste upp paa eit loft der dei bad um natteherbyrge. Døri vart attlæst ute, og det vart stummande myrkt inne, for det fanst ikkje glas, berre ein liten glugge. Daa dei skulde til aa kvara seg til natti, kjende dei det draup nedpaa deira. Dei slo eld. Rædde vart dei, daa dei saag at blodet draup fraa flægne menneskjekroppar, som hang i taket yver deira.

Her var gode raad dyre. Einaste utveg var den vesle gluggen i veggen. So vart dei var ein silkevev, som laag i ei kraa. Dei feste silkeveven i gluggekanalen. Hr. Ivar, som var liten og spinkel kom seg godt og vel ut og ned, hr. Jonas greidde det nettupp og, men den tredje, som var tjukkfallen og svær vart hangande i gluggen.
Tyrkarne fekk ver av det og kom. Dei tvo tok foten fat og kom seg undan, men hin vart hekta, og dei høyrde, kor han bar seg ille, daa dei tok han. Dei sprang gjennom kornaakrar og etter elvefar, grandar og steinar, for der kunne tyrkarne ikkje taka ver etter deira. Dei kom seg lukkeleg heimatt og livde som prestar i heimlandet.

Gullkalven

Myssevollen, Messevollen, heiter ein flat, vid voll aust um elvi Hoprao midt for Hopperstad.

Ein gangestokk um elvi heiter "Mysestokken". "Øykjahaugen" heiter ein fin, rund haug rett i sud for Myssevollen, avdi folk som kom ridande til messe, batt øykjerne sine der, medan dei høyrde messa. For folk møtte fram paa denne vollen for aa høyra messa, før Hopperstadkyrkja var bygd. Derav namni.
Naar so messa var ende dansa folki um gullkalven, segjer sagnet.

So kom den tid, at dette ikkje kunde tolast lenger. Det vart forbode aa dansa um gullkalven. Daa folket ikkje meir fekk leika seg med dette, vilde dei ikkje heller at kalven skulde koma i hendene paa desse, som forbaud det. Dei hadde vel sine tankar.
Ei natt vart kalven nedgraven ein stad i Leirhola. So heiter ei hola ned mot elvi bakum Sykjahaugen.
Aa prøva grava og finna kalven framatt skal vera faafengt, avdi ein lindorm ligg og vaktar han. Ei visarkjering, som i seinare tid skal vera spurd um dette, segjer, at kalven ligg der, og at elvi har grave vekk so mykie av bakken, at det ikkje er langt att innpaa han. Hønsi heiter garden Leirhola høyrer til. "Hønsi er rikaste garden i Vik", sa visarkjeringi.

Jo Hopperstad

Han var vaksen kar so umlag i midten av det 18. hundradaaret. Han fridde til Aasa Stedje. Ein morgon kom han fraa gjenta si og vilde gaa "Myssestokken". Daa høyrde han Elvatrollet kor det riste og skok i piletrei som var sette i leirbakken for aa halda bakken og bægja for utrasing naar elvi grov i Leirhola.
Han hadde ikkje stor tru paa underjordiske han Jo. Diso ropte han, etter han var kornen yver paa andre landet, og mana dei fram, um der var noko eller nokon, som spela seg der. Men det skulde han late vera.

Det urde og krudde kring han, skumpa han ivenda, dengde han og reidde han so ille til, at han maate krjupa paa alle fire upp Tombakken fraa elvi. Komen heim grov han seg inn i budi, lagde seg i noko høy og somna.
Han vakna att av ein leid magespreng, og han ottast at han stod det ikkje. Olav Hagen vart henta. Han var kvakksalvar og bygdedokter. Han greidde aa lindra sprengen. Men han Jo vart aldri den karen han hadde været sidan. Sprengen kom att gong paa gong, og Olav Hagen var den som maatte koma og lækja støtt.

Siste gongen han arbeidde i denne sprengen, bad han dotter si, som steilte um han, sjaa upp i skallen hans. Han tykte det livde og aula der, sa han. Han sveitta sterkt, og i millom sveittedropane i skallen saag ho det krek og aula ei mengd med smaa lus, kvite lus.
"No Anna, lyt du faa hit Olav Hagen! Ofte hev han hjelpt meg. Greider ikkje han det denne venda, er det ute med meg". Det vart det og. Olav greidde det ikkje denne gongen.

Elvatrollet

Nede i Leirhola nedmed Hoprao høyrde folk i gamle dagar ofte skrik. Stundom let det som ei jamring, serleg i fælt uver. Folk trudde då, at slik skrik og jamring kom frå udøypte fullbårne
born. Segnet um dette elvatrollet i Leirhola lyder so:

På garden Brekke i Bødalen stidde ei gjenta. Ho var med barn, men laut driva sitt yrkje. Ein vårdag hadde nokre beist korne seg åt lidi, like åt Kleppbakkane. Det var i snjoløysingi og sudveststorm med regnflaum. Det høyrde budeigja til å halda skikk på beisti og få dei i hus kvar kveld.
Ja, ho strauk avstad. Men der uppe i Kleppbakkane fekk ho vondt. Ho vann ikkje heimatt, men fødde barnet der uppe i rissteme. Ho tok barnet sitt i fyreklædet og vilde kroka seg heimatt.
I vårflaumen kjem ei noko stor grov ned frå Kleppeggi. Då ho skulde byksa um denne grovi, gleid barnet ut av fyreklædet, og grovi strauk med det. Det kom til å hamna i Leirhola, der det ropar og skrik etter namn. Folk hev kalla det elvatrollet.