Søk i samlingane
Museet sine samlingar er på om lag 50.000 gjenstandar og om lag 50 antikvariske bygningar. Reiskapssamlinga på museet er mellom dei største i landet. Søk i gjenstandskatalogane til Musea i Sogn og Fjordane.
Her finn du alle gjenstandar, også dei utan bilete

Museet har dessutan eit bibliotek, med om lag 50.000 band, m.a. mykje lokalhistorisk og slektshistorisk litteratur, og med ei lang rekke "klassiske" norske tidsskrift. Katalogen til delar av boksamlinga ligg på Internett, som ein del av Bokbasen i Sogndal.

Mykje artikkelstoff i samlinga er registrert i basen Fjognedok- Lokalhistoriske artiklar. Den søkbare katalogen vert stadig utvida.
Museet har også fotosamling og eig mykje arkivmateriale. Arkivmaterialet er deponert i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Museet sitt fotomateriale er under digitalisering, og mykje av det er søkbart på den fylkesomfemnande fotodatabasen
Opningstider
Mai og september: Alle dagar 10.00 - 15.00.
Juni, juli, august: Alle dagar 10.00 - 17.00
Oktober til april:
Ope mandag til fredag 10.00 - 15.00
Vaksne kr. 70.-
Born kr. 30.-
Familie kr. 150.-
Born under 7 år gratis
Grupper, pensjonistar og studentar kr. 60.-
KJØP ÅRSKORT TIL MUSEET:
Individuelt årskort kr. 250.-, familiekort kr. 300.-
Sogn Fjordmuseum
Ope juni, juli og august, alle dagar kl. 10 - 17
Gratis inngang


