Koronatiltak på museet

Museet og Covid 19

Sjølv om smittevernreglane er oppheva, vil vi på museet framleis halde på nokon av tiltaka vi har hatt det siste året.

• Vi ber deg om å bruke handsprit når du kjem til museet. Handsprit er plassert ut ved inngang og i fellesområde. Ta gjerne med din eigen handsprit om du skal bruke større delar av området.

• Hald god avstand til tilsette og andre besøkande ved museet.
• Vi tilbyr kontaktlaus betaling og Vipps.
• Ikkje ta unødvendig på gjenstandar i utstilling og i butikk.
• Det er ikkje sjølvbetening i kafé – vi serverer deg.

• Vi tek imot skular og barnehagar etter avtale. Er de ei større gruppe, forhandsbestill gjerne på museet du har tenkt å besøke via telefon eller e-post.

Kontaktinformasjon finn du på museet si heimeside.