Lyd og levande bilete

Lyd og levande bilete

Intervju med grunnleggaren av museet Gert Falch Heiberg

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har fått namnet sitt etter grunnleggjaren, Gert Falch Heiberg (1871-1944). Han var godseigar i Amla i Kaupanger og dessutan ein pasjonert samlar, og i åra rundt 1900 tok han til å samla bondeantikvitetar frå Sogn og reiskapar frå heile Noreg. Denne innsamlinga skulle visa seg å bli både starten på eit samlarlivsverk og eit folkemuseum i Sogn.

I eit intervju frå 1938 fortel Heiberg om korleis samlinga vart til. Intervjuar var Theodor Bernhoft Osa frå NRK. Intervju med Heiberg

Bli med på ein rundtur på museet:

Videoen tek deg med på ein tur både inne i utstillingane og ute på friluftsmuseet..Rundtur på museet

Bygging av Sognafæring.

Her kan du sjå korleis dei bygde desse vidgjetne båtane før i tida...Sognafæringen

Ølbrygging på Aurlandsvis.

På denne filmen kan ein sjå korleis ein brygga øl i Aurland før i tida... Brygging av øl

Hellebrot i Dalsdalen

I Dalsdalen i Luster har det vore hellebrot i mange år. Dei driv ikkje hellebrot der lenger no, men på denne filmen kan ein sjå korleis dei gjorde det den gong det var drift der

Filmen om hellebrot i Dalsdalen kan du sjå her

Smia og hesten på museet

På museet har vi ei flott smie og ein flott smed. På denne filmen kan du sjå korleis smeden lagar ein spikar. Filmen syner og skoing av hesten vår og ein liten rundtur med unge besøkande til museet. Smie og hest på museet