Kvammeloftet på DHS Museum

Kvammeloftet. Historie og problemstilling.

Kvammeloftet er eit lafta bygg i 2 høgder utan kledning. Open sval på 3 sider i første høgd og lukka sval i andre høgd. Inngang til første høgd, midt på vestre kortvegg. Trapp med overbygg opp til andre høgd i det nordvestege hjørna. Inngang til andre høgd, midt på vestre kortvegg. Sperretak med mønsås, tekka med torv.

Garden Kvamme er nemnt i bygdeboka for Borgund, og er omtalt som gard alt på 1300 talet. Ifølge bygdeboka er det komme ein ny eigar, «Knut» i 1593 og igjen ny eigar «Nils» i 1600. Det var kona til Nils som eigde Nedre Kvamme, men Nils hadde eigedomar på Hillestad og i Aurland. Ein kan jo tenka seg at han Nils var ein halden mann, og derfor anta at det var han som hadde råd til nybygg.

1745
Over døra i 2. høgd står det innskore i tømmeret: OKS 1745 . OKS refererer heilt sikkert til Ola Knutson som overtok som brukar på Nedre Kvamme i 1743. Ola Knutson kom frå Store Grønsdal i Hemsedal og overtok Nedre Kvamme etter far sin, Knut Petersen. Knut kjøpte Nedre Kvamme i 1736, og tidlegare eigar hadde tydeligvis lånt pengar av Knut, og da lånet ikkje vart innfridd overtok Knut Petersen garden.

Gjert Falck Heiberg, og Gisle Midttun skriv begge at Kvammeloftet er bygd i to omgangar. 1 høgd omkring 1600 og andre høgd i 1745. No i 2019 har me fått gjort dendroanalyse av 9 stokkar frå både 1. og 2. høgd. Alle prøvane viser tømmer som er hogd om lag 1590. Me er derfor meir usikre på kva årstalet 1745 viser til. Den stokken som er skore i er av ein ganske forskjellig kvalitet samanlikna med resten av bygget, og utskjeringa verker å vere gjort i rått tømmer. Derfor blir spørsmåla mange. Har det vore ein stor reperasjon? Har huset vore flytta internt på tunet? Er det kanskje snakk om eit bygg som er kjøpt ein annan plass og flytta til Nedre Kvamme?

I 1917 kjøpte Gjert Falck Heiberg Kvammeloftet for 1000 kr. ( Ifølge Tormod Tokvam som eig Nedre Kvamme i dag ) Bygget var teke ned og etter ein trøblete transport, først på land ned til Lærdalsøyri og derifrå på båt til Amla (Kaupanger). I 1920 var Kvammeloftet ferdig gjenreist på museumsområdet i Amla.
I 1923 vart Kvammeloftet freda av Riksantikvaren, som ein del av det samla gardstunet på Nedre Kvamme. Skal dette gi noko meining må ein vel anta at sjølve fredingsprosessen har skjedd før bygget var flytta, og at det har vore mangelfull kommunikasjon frå Sogn til Oslo i dei dagar?

Heile museet, De Heibergske Samlinger, blei i sin heilhet flytta frå Amla til Vestreim frå kring 1980 og utover, og i 1991 var det Kvammeloftet sin tur. Det står no fint plassert på museumsområdet i ein austvendt graskledt skråning, i lag med Kvammestova som kjem frå same tun og kom til museet i 1947

Problemstilling:

utgliding kvammeloftet
Grunnen til at me tek tak i Kvammeloftet no, er den begynnande utgliding av takkonstruksjonen. Sperrestokken (raftestokken) både i tømmerkasse og svalgang, er fleire plasser skøytt og også knekt. Utglidinga er størst på sørsida, der ein tydelig ser at sperrestokken på lafteveggen rullar utover, og tek med seg svalgangen. Me ser ei utgliding på omlag 12 cm, og ein kan frykte at denne utglidinga plutselig kan eskalere. Bygget har mønsås og denne ligg unaturlig høgt oppe i laftet. Sperrene er hogd langt ned i mønsåsen og litt over halve dimensjonen av sperrene er fjerna for å få dei i flukt med gavlveggen. På foto frå flyttinga frå Amla til Vestreim, ser me at ein omlag 10 cm oppbygging av gavlveggen er tatt bort i flytteprosessen. Kan desse forhold ha betyding for utglidinga som skjer?

Det er også andre bygningsdeler, spesielt i svalgangen mot vest, som er sterkt prega av tidens tann. Me må vurdere ei utskifting, slik at bygget igjen får dei nødvendige berande element.
I svalgangen mot vest, 2. høgd, ser ein på gamle bilde at feltet inn til svalgangen mot sør er heilt ope. I dag er denne opninga sperra av ein horisontal stokk i ca. 1,2 m. høgd, og ståande bord, slik at brystninga i vestveggen er ført heilt ut. Den horisontale stokken er dårlig festa, og har i dag ingen funksjon. Me vil vurdere å opne dette feltet igjen, som originalt.

Me ser at tidlegare utskifting av materialar har vore veldig forsiktig, og i så små bitar at det har vore umulig å få den nødvendige samanheng i konstruksjonen. Me må også diskutere kor store eller små delar som skal fornyast for at huset skal bli ståande enda i mange år, utan at det vert øydelagt.
Me må danna oss ei meining om kvar det er best å ta vare på originaldelen i si heilheit, og erstatta den med ein kopi, i staden for stadig å lappa i små deler i originalen, slik at ein til slutt verken har original eller kopi.

Når ein lagar eventuelle kopiar må ein være trufast mot framstillingsmetodar og materialval, finne fullgode materiale, og gjerne gå i skogen for å få rett kvalitet og dimensjon. Ein må utføre arbeidet med same verktøy og teknikk som originalen. Då oppnår ein ikkje berre å ta vare på dei originale bygningsdelane, men også verktøybruken og handverksteknikken som må til for å utføre arbeidet.

Gjennomførte tiltak (frå mai 2019)

  • Tatt dendrokronologiske prøver (Sogn og Fjordane fylkeskommune fann pengar til det på 2018 budsjettet)
  • Laga foreløpige materiallister.
  • Vore i skogen å funne torvhaldskroker
  • Vore i skogen å hogge høveleg tømmer av god kvalitet, barka tømmeret, klart til tørking.
  • Besøkt Nedre Kvamme, for å danna oss eit bilde av kor Kvammeloftet kjem i frå.
  • Flekking av never til taket

Ole Fredskild