KURS I MØBELTAPETSERING PÅ MUSEET

KURS I MØBELTAPETSERING PÅ MUSEET

Kurs i møbeltapetsering 19.og 21. mars kl 18-21, på museet.

Ta med ein stol, skammel eller anna møbel.
Kurshaldar er Fadi Sankari, Sogneprodukter i Balestrand

Kursavgift kr 750-. Det er høve til å kjøpe stoff/materiale.

Påmelding innan 11.mars til aud@misf.no
Spørsmål kan rettast til Aud Ross Solberg, tlf 47452768

KURS I MØBELTAPETSERING PÅ MUSEET

Har du ein stol, eller eit anna møbel du har lyst til å få nytt trekk på? Då har du høve til det no.

På De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum vert det kurs i møbeltapetsering to kveldar, 19. og 21. mars. På kurset vil ein lære å trekke om ein stol, eller eit anna enkelt møbel, som ein tek med seg på kurset. Kurshaldar er Fadi Sankari, som arbeidar som møbeltapetserar hjå Sogneprodukter i Balestrand. Han har grundig utdanning og lang erfaring som møbeltapetserar og møbelsnekkar.

Ein må gjerne ta med seg eige stoff, men får også høve til å kjøpe stoff, band og anna materiale på kurset.