Kafè og butikk
Museumskafeen
I museumskafeen kan du få forfriskningar, kaffi og noko å bita i. Vi satsar på heimelaga og kortreist mat, og på bestilling kan vi tilby lunsj og større måltid. Museet har truleg Sogndal sin flottaste friluftskafé. Kvar onsdag i juni, juli og august serverer vi kortreist tradisjonsmiddag, mellom kl. 14 og 17.
Også ved Sogn Fjordmuseum har vi ein liten friluftskafé, rett ved fjorden!
Museumsbutikken
I museumsbutikken finn du bruksting og særprega gåver til små og store. Vi fører spennande historiske kopiar av krustøy og keramikk, tekstilar og glas, trevarer og mykje anna. Ein spesialitet er gamaldags leiketøy. Det kan gle gamle like mykje som unge! Vi har også lokale handverkprodukt. Kom innom museumsbutikken og sjå på utvalet!
Opningstider
Mai og september: Alle dagar 10.00 - 15.00.
Juni, juli, august: Alle dagar 10.00 - 17.00
Oktober til april:
Ope mandag til fredag 10.00 - 15.00
Vaksne kr. 70.-
Born kr. 30.-
Familie kr. 150.-
Born under 7 år gratis
Grupper, pensjonistar og studentar kr. 60.-
KJØP ÅRSKORT TIL MUSEET:
Individuelt årskort kr. 250.-, familiekort kr. 300.-
Sogn Fjordmuseum
Ope juni, juli og august, alle dagar kl. 10 - 17
Gratis inngang



