Intervju med Gjert Falch Heiberg

Museum i 100 år: Historielaget for Sogn vart skipa 30. mai 1909, og same dagen gav Gert Falch Heiberg privatsamlinga si av hus og gjenstandar til det nyoppretta historielaget. Museet feirar dermed 100-årsjubileum i år, og det markerer vi gjennom ulike arrangement gjennom heile året. Før jul kjem det også ut ei eiga praktbok om museet.
I eit intervju som vart laga på museet i Amla i 1938 av Theodor Bernhoft Osa frå NRK, fortel Gert Falck Heiberg om korleis han kom til å byrja samla inn gjenstandar frå Sogn, og om korleis det etter kvart vart til eit museum.
Det vart eit fargerikt intervju der Heiberg og fortel om korleis han fekk ein del spesielle gjenstandar til museet, til dømes "Skinnbuksa frå Aurland".
Høyr det spanande intervjuet med G.F.Heiberg, der han fortel om korleis De Heibergske Samlinger -Sogn Folkemuseum vart til....
Opningstider
Mai og september: Alle dagar 10.00 - 15.00.
Juni, juli, august: Alle dagar 10.00 - 17.00
Oktober til april:
Ope mandag til fredag 10.00 - 15.00
Vaksne kr. 70.-
Born kr. 30.-
Familie kr. 150.-
Born under 7 år gratis
Grupper, pensjonistar og studentar kr. 60.-
KJØP ÅRSKORT TIL MUSEET:
Individuelt årskort kr. 250.-, familiekort kr. 300.-
Sogn Fjordmuseum
Ope juni, juli og august, alle dagar kl. 10 - 17
Gratis inngang

