Hogging av tømmer til Kvammeloftet

Prosjektet vårt på Kvammeloftet går sakte men sikkert framover.

Me har fått analysert prøver frå Kvammeloftet som viser at huset sannsynligvis er bygd omkring 1590. Handverkarane har vore fleire tura på skogen for å finna høveleg material til prosjektet.

Først hadde me ein dag kor me fann fram emnet til einerkroker og torvhaldskroker, som brukast nedst på taket for å hindre at torvtaket sklir ned.

torvaldskrokar 1

På bilete over ser vi korleis ein finn slike krokar..

På bilete under ser vi dei ferdig kappa og klar til bruk..

torvaldskrokar 2

Me har hatt fleire dagar med skogsarbeid for å finna høvelige furumateriale til å skifta ut dårlige material i vegger og tak.

furu før felling

Det er litt av ei andaktsstund når ein feller eitt tre som, når ein teller årringane, viser seg å ha spirt omtrent samtidig som grunnlova vart underskriven på Eidsvoll..

Furua og snittflata

Emneord: 
Emneord engelsk: