Hagedag på museet

HAGEDAG PÅ MUSEET

HAGEDAG PÅ MUSEET 2017

Laurdag 20.mai inviterer museet alle hageinteresserte til hagedag. Her kan ein skaffa seg nye og spanande planter, få ny kunnskap, kosa seg på museumskafeen og treffa andre hageentusiastar i vakre omgjevnader.

Som vanleg kan du få idear og ein god prat med erfarne hagefolk. Sogndal Hagelag stiller opp med stor kunnskap og nyttige hagetips. Du får møta Matias Hukseth, ein av dei aller fremste roseekspertane i fylket. På torget blir det eit stort utval av tradisjonsrike urter og staudar, grønsaks- og hagevekstar, sommarblomstrar og roser frå både Hukseth, Sogn Jord- og Hagebrukskule, Elvathun gartneri og andre. Årets tema er laukplanter, og museet har laga ei lita utstilling kring dette.

Til blomster høyrer også biene, og birøktar Knut Erling Øien kan svara på spørsmål om desse små krabatane. Museet har også utstilling av insekthotell. I tillegg er Simas til stades og orienterer om m.a. kompost og kompostering, og hagelaget viser bukashi, som er ein spennande måte å kompostera matavfall på. Den norske bokbyen i Fjærland kjem også og har med seg eit stort utval av hage- og plantebøker. Hugs å ta med kontantar når du skal handla!

Bytetorget har vorte meir og meir populært, og her brukar det å vera mange godbitar.
Det er Sogndal Hagelag som har ansvaret for bytetorget, og det fungerer slik at ein tek med avleggarar frå hagen heime og byter dei med andre på torget. Hagelaget oppmodar om at ein alltid brukar kjøpejord for å unngå spreiing av brunsnegl.

Museumskafeen er open og her serverer vi mykje god mat og drikke.

Det er vanleg inngangsbillett, dei som har årskort går inn gratis. Alle er velkomne!