Goden

Ei futesoga frå Sogn.
(frå "Tidsskrift" nr. 9, utgitt av "Historielaget fror Sogn" i 1934)

Av Jon Laberg.

«Du har vel greide på futen Goden og, du»? var eit spursmål sume av dei gamle kom med, den tid eg for ikring på gardane i Hafslo og leitte etter gamalt. Og eg måtte svara som sant var at den futen visste eg ikkje noko um. Til ein dag ein mann visste å fortelja at denne Goden hadde snytt til seg både Kaupanger og Stedje, største bruki i Sogndal, og det frå sjølve kongen. Då fór eg til å draga kjensel på han, og skyna det var Gjøde Pedersen dei tala um.

Det var namnet som hadde narra meg. Det var so i dei dagar, då Gjøde Pedersen livde, at folk nytta berre fornamnet på dei som var noko i embetsvegen, ofte med eit herr fyre. Det var hr. Gjøde som hadde vorte til hr. Gode, og i friare umtale i bundi form: Goden. Namnet vert elles skrive på ymse måter: Gøde, Giøde og Gjøde. Sjølv skreiv han, i all fall ved eit einskilt høve, Gøyde.

Denne futen Gjøde hadde eg for meg for nokre år sidan, men i dei seinare år har han kome burt frå meg for skuld anna arbeid. Og når eg no har vorte bedd um å skriva noko um mannen, og det hasta, har eg korkje tid eller høve til å finna fram det som kunde gjeva svar på dei ymse spursmål som melder seg, når ein skal skriva um denne mannen. Det kann elles godt vera at ein ikkje vilde få noko svar, kor mykje ein leitte.

Gjøde Pedersen er komen til Sogn straks etter år 1600, og vert kalla «foged i Sogn». I 1606 bur han i Kaupanger, og det er det året han bytte til seg Kaupanger som då var krungods, mot tvo gardar som Gjøde hadde ervt i Jylland. Aaret etter fekk han og feste på kongetiendi i Sogn mot å betala 80 rdl. for året til kongen. 1 1608 byter han til seg Stedje som og var krungods, mot tvo andre gardar i Jylland.

Med Stedje fylgde med tvo «Ødegårde, Torrestad og Flateland» (Torstad og Flatland). So me ser at futen var ein mann som kunde vera um seg, og fyrebils kunde han og sigla for full bør. Men «lykken den vender sig ofte om», det fekk og Gjøde sanna. Og vendingi kom heller brått. 1 1609 måtte han stå til rette for han i Bergen hadde drepe ein garp (tyskar), heitte Herman Bolt frå Bremen. Han «stillet sagvolderen tilfreds», og dermed skulde han vera ferdug med garpen.

Garpen var elles ikkje den einaste Gjøde tok livet av. Alt i 1607 hadde han vore ute for eit «uhende» som han sjølv kallar det. Han vitja Jon Teiste i Ytre-Krogen, og der handsama han ein «Skåtpistol» soleis at skote gjekk av, og Jon Teiste «av vanvare blev truffet av nogle hagl». Teiste døydde ikkje med det same, men noko seinare same året, og Gjøde fekk det so til at det var ikkje hagli han døydde av, men av ein eller annan sjukdom.

Men ogso her måtte han «avfinde» sig med ervingane. Hadde det no berre vore dei tvo drapi Gjøde hadde på samvitet, vilde det vel ikkje gått som det gjorde. Men han ikkje hadde teke livet av fleire, var det nok av dei sona hadde det dei kunde leggja på han som syndeskuld. Bøndene i Sogn og borgarar i Bergen hadde og eit ord å segja um futen.

Med deira klagemål i lumma er Laurits Christensen i 1610 komen til Kjøbenhavn. Og Gjøde som nok hadde fått snysn i kva som var i gjerde, var og komen til Kjøbenhavn. Og her møttest dei tvo på sjølve kongens slott. Her la han Lars, som me helst vil kalla han, ut um at hr. Gjøde "Sig meget utilbørligen har anstillet, og kongens sine undersåtter i Sogn udi mange og underskedlige, ubillige måder uforurettet, medens også manddrab, horeri, Gud til stor fortørnelse, skal hava beganget«! «Alt dette tilsagde Lars hr. Gjøde som var tilstede», og Lars sa seg mann for å prova det han hadde sagt «når han kom til steder hvor vidner kan føres». Det ser ut til at dei på slottet var meir enn viljuge til å lyda eter det som Lars hadde å fyrebera.

Han fekk seg eit brev til Aleksander Papenheim, befalingsmann i Bratsberg len, og bispen i Bergen, Anders Mikkelsen (Colding), der det stod at dei skulde røkja etter korleis Gjøde hadde fare fram. Når det var lensherren i Bratsberg og ikkje han i Bergen som skulde vera med her, so kann hende det var av di dei meinte den siste var ugild i dette høve. Kva dei tvo herrar har gjort med saki, og kva svar dei har gjeve, veit me ikkje. Men me veit at med Gjøde fekk dei ikkje tala, for han hadde rømt. So fekk lensherren på Bergenhus, Nils Wind, pålegg um å få dom yver futen.

I eit langt brev til Nils Wind vert det rekna upp dei synder Gjøde skulde svara for. Klagemåli var desse:

I. Gjøde hadde tvinga bøndene til å flåta ei mengd timber til byen og sagt at det var til Bergenhus slott. Og av bøndene i Kvamsøy hadde han teke 20 rdl. etter di dei ikkje kunde skaffa so grovt timber som futen kravde. Men av det same timberet hadde Gjøde bygt seg hus på eigedomen sin i Bergen, so det var ikkje alt som var kome slottet tilgode. Og dei 20 rdl. frå bøndene i Kvamsøy hadde dei heller ikkje set noko til i reknskapi som Gjøde plikta å gjeva frå seg.
"Udi denne artikkel skal sandferdigen forfares, hvilket tømber der er huggen på vore og cronens skove, og hvormeget på Gjødes Skoge. I lige måde hvormeget av samme tømber er kommet til vor og cronens behof og hvor meget til Gjødes egen bygning. Thi vi ikke ville vore og cronens Skoge, ikke heller vore bygninger med forskrevne Gjøde have tilfelles. Og skal settes udi rette hvad Gjøde bør at lide for vores bønder han haver brugt til sin egen gjerning, nøtte og fordel under skin av det deslige skulde gjøres til vor og cronens behov". (Fri, ikkje bokstavbundi avskriving). So skulde det og røkjast etter kvar det hadde vorte av dei 20 rdl. frå Kvamsøy.

II. So var det um korleis Gjøde hadde eigna til seg Kaupanger og Stedje. Det kongen hadde fått av jordegods i Jylland hadde vorte verdsett på vanleg måte, men ikkje det Gjøde hadde fått att. At dei tvo bruki hadde skog av langt større verd enn sjølve jordvegen, hadde ikkje vorte nemnt med eit ord. Og dei tvo gardane Torstad og Flatland, var ikkje øygardar, men «bygte gårder». Og til Stedje hadde Gjøde og rekna "Holdequegh", endå denne garden ikkje hadde vore med i skøyta. Her var snyteriet synbert for alle.

III. So har Gjøde havt sagbruk både i Kaupanger og på Stedje, «såvel som en sag tvert over fjorden, hvorav vi ikke haver fangen noget told eller rettighed». (Tollen var truleg då som noko seinare 8de kvart bord som var skåre, og «rettigheden» 2—3 rdl. i elveleiga, av di elvane var «kongens strømme»).

IV. «Så har Gjøde befalet nogle av vore undersåtter at de nogle hester skulde føre til Bergenhus, og foregivet at de skulde være til vores behov, herpå av oss aldeles ingen befaling er given hannom».

V. Gjøde har desutan eigna til seg «en god håb odelsgods udi Bergenhus len av vore undersåtter der sammesteds for penge og lån, og noget for bøder hos bønderne». Dette skulde kongen hava, men den som inkje hadde fått korkje av pengar eller gods, var kongen. Gjøde skulde hava god greide på at korkje skrivar eller fut hadde rett i noko høve å taka odelsgods frå bøndene. Di skal retten no avgjera um ikkje dette godset høyrer kongen til.

VI. So har Gjøde fått i sagefald (bøter), for bygsel og «rodepengar» m. m. mykje yver 1000 rdl. som ikkje er komne i reknskapane hans, endå det var kongen som skulde hava dei. No hadde Gjøde rett nok bode seg til å betala dei, men slik åtferd måtte straffast som «andett tiuffueri», og likevel skal han lata pengane frå seg. Desutan har kanselliet fått eit anna «register» som syner at Gjøde utan um dei 1000 rdl. har teke imot på kongen sine vegne meir enn 11/2 m. daler (1500 rdl.) heller ikkje er kome med i reknskapi hans.

VII. Det er og kome for dagen at Gjøde i breve til nokre bønder har gjeve dei pålegg um å koma til han i Kaupanger, og at dei med det same skulde taka signeti sine med. Det må røkjast etter kva brev og vitneprov han har nytta signeti til. «Thi vi ingenlunde ville tilstede at sligt Finantzerie udi vore riger skulde bruges». Brevet til Nils Wind er dagsett 21. mai 1611.

Me kjenner ikkje til kva rett det var som skulde døma i alt dette. Men me veit at den gode futen vart frådømt alt han hadde og åtte. I 1614 spør Nils Wind um kva han skal gjera med Gjøde sitt «efterladendes rørende gods». Jordegodset hadde kongen fått. Det var lausøyra som no var att. Og lensherren fekk det svar at av dette skulde han so mykje som mogeleg setja um i pengar og senda desse til kongen sin rentemeistar, og «ellers det øvrige lade vurdere og oss til bedst det dyrest mulig selge, og så giøre oss regnskab derfor».

Under alt dette var Gjøde som sokken i jordi. Det går enno segner um at han hadde rømt til Sverig og der gått inn i Svenske-hæri mot Norge i krigen Norge-Danmark mot Sverige som byrja i 1611. (Kalmarkrigen) Kor mykje det er i dette kann ingen segja. Ein skulde tru at både styresmaktene og sogningane no for all tid skulde vera ferduge med hr. Gjøde. Men slik vart det ikkje. Og her kjem det uskynlege og det ein minst skulde vente.

Det byrja med at kongen får slik umsut for kona hans Gjøde. Lensherren då var, får pålegg um å lata kona hans Gjøde få 100 rdl. Ho budde no i Vikadalen, på Hovland, og hadde i brev til kongen «klageligen tilkjendegivet, hvorledes hun formedelst nogle hendes husbondes forseelser er geråden udi allerstørste armod». Attpå dei 100 rdl. fekk ho rett å krevja inn kva ho kunde «udfritte av gjeld til mannen», og det ho fekk inn på denne måten skulde ho hava fritt rådvelde yver.

So kjem me heilt fram til 1627, fyr me ser meir um han Gjøde. Men då kjem det uventa. I brev til lensherren vert det sagt at det til kongen er kome søknad um fritt leide for Gjøde. Og lensherren får pålegg um å taka saki mot Gjøde upp att. Gjøde skal, segjest det i brevet «være dømt udi vores nåde og unåde, fordi han ikke havde avleveret rigtig regnskab og stod til rest med udbetaling, og nu på nogen tid av den årsag har været rømt og undvigt. Han bør nu få avsone sin forteelse for at der siden kan bevilges ham leide».

Me ser: Tonen har vorte ei heilt annan, enn den som lydde i 1610. Noko må vera hendt i åri som ligg imillom, men kva det er, får me vel aldri veta. Gjøde kann ikkje hava kjøpt seg fri. Alt han åtte hadde dei teke frå han. Eller hadde han som segni segjer, sistpå angra seg og istaden for å hjelpa svenskane gjort dei ei slik pretta at det vart til hjelp for dei norske?

Med avsoningi gjekk det helder fort. Alt same året fekk Gjøde «opreisning». Skuldingane mot han skulde, vert det sagt «for os være høiere opmutzet end som de i sig selv skal have været» og «efterlader vi Gjøde Pedersen alt hvad han mott os måtte have forseet, og breve og domme over ham skal være døde og magtesløse. Så han herefter må være fellig og sikker og søge laug og gildehuse, stå i laug og taug med gilde mænd og gjæve, og ikke for fornevnte beskyldninger være mand disverre i nogen måde».

Og ikkje nok med det han fekk tilgjeving og leide. Alt det gods dei hadde teke frå han, både kjøpstadgods og jord på landet, skulde han straks få att. Men kva han var skuldig privatmann fekk han syta for vart betalt. Skulde dei som hadde styrt med skogane hans ha skamhogge desse medan dei hadde vore ute av hendene hans Gjøde, skulde vedkomande verta «tiltalt og straffet».

So kom Gjøde attende til Kaupanger. Og no kunde dei som fyrr hadde vore motmennene hans venta seg noko av kvart. Lars Christensen som hadde vore bøndene sin sendemann til Kjøbenhavn, var den fyrste som skulde under soksi. Men det ser ut til at den gode Lars hadde set seg høve til å koma unda i tide. Me ser ikkje noko til han etter at Gjøde var attkomen.

Kven denne Lars'n var, har me ikkje havt høve til å røkja etter no, men namnet tyder på at han var ein av Lystrup-ætti. Gjøde syner seg å vera den gamle med umsyn til å grava til seg. I 1635 bytte han til seg det Kaupanger kyrkja åtte i gardane Vangestad, Olstad og Hovland, og er so raust at han gjev kyrkja att det dubla i garden Aase i Aurland.

I 1636 får han ånyo feste på kongetiendi, og no på levetid. Men same året sel han det han åtte i jordegods til Ivar Wind, lensherren på Lista og vert istaden Ivar Wind sin gardsfut eller «ombuds- mand»- Og noko seinare yverlet han ogso kongetiendi til Ivar Wind.
Kva var det som no hadde hendt? Kjende Gjøde seg gamal, var det noko med huslyden, eller hadde han vorte skremd? Kann henda det og. For nett på den tid hadde det hendt noko som var skremeleg nok.

Um dette kann Ivar Wind fortelja: Nokre bønder i Sogndal hadde kjøpt ein «compan» til å skjota Gjøde. Og companen skaut, men råka ikkje. Gjøde sin husbond og herre, hr. Wind, kravde at det vart «reist tiltale mod sådanne overdådige og modvillige mennesker, både mot companen og de der havde kjøpt han».
Companen var ein Tollef Kolbeinson som hadde kome rekande til bygdar, og dei som hadde kjøpt han var Jørgen Person, Olav Botolvson og Lars Skaksen. Alle desse kom under tiltale, og domen vart som ein kunde venta. Companen vart «dømt fra hans hals», og dei tri andre til «kongens nåde og miskund». Og kongen har «for godt anseet at fornevnte 3 personer skal skikkes i jern til Bremerholm og der gå udi arbeide, enhver efter sin forseelse».

Lensherren, Jens Bjelde, skal taka avgjerd um dette, men vera merksam på at Jørgen Person har vore hovudmannen, med di det er han som «huset og hælet med den som skjød på Gjøde, forskaffet ham krud, mad, drikke med anden underholdning til sådan ugudelig verk at fuldbringe».

Kven var Jørgen Person? Han åtte ein part av Loftesnes og der. Etter tid og alder må han vera far til lensmann i Luster, Per Jørgenson Skildheim. Per Skildheim åtte og ein part av Loftesnes, og ein son hans, Jørgen, åtte det same og budde på Loftesnes. Men det kann ikkje vera denne Jørgen som var føraren for «Skjotarlaget» i Sogndal som meinte futen kunde vera høveleg skyteskiva. Det måtte vera farfaren med same namnet.

Olav Botolvson kjenner me ikkje noko til, men Lars Skakson var ein Lystrup og budde på Hovland. Det ser ut til at skotet på Gjøde har gjort at Gjøde flytte frå Kaupanger, fyrebils. Me får høyra at i 1639 var os «elskelige Gjøde Pedersen tilforn boende på Kaupanger». Men han kom nok att.

I 1641, ser det ut til at dei gamle drap-sakene til Gjøde av ein eller annan grunn, kom upp att, for han får det året kongebrev på at han «skal være fri al videre molestering i anledning av hans 2 før omtalte drap» etter di desse sakene hadde vorte avgjort for lenge sidan.
I Nicolaysen «Norske Stiftelser» vert det sagt at Gjøde døydde etter 18. oktob. 1627, men fyrr 1636. Dette er gale.

I 1641 er Gjøde livs levande, for det året stemnde han Ivar Høieim i Luster for han skulde ha drepe eller hengt ein hund som Gjøde åtte. Og i 1650 vart det tinglese «tvende tiende og fjerdingsgavebrev» millom Gjøde og kona, til den som livde lengst utan livservingar. Men i 1653 er Gjøde «salig». Han må soleis vera død millom 1650 og 1653.

Med umsyn til huslyden åt Gjøde Pedersen tykkjest det å vera noko ugreidt. Sume segjer at kona hans heitte Kirsten Pedersdotter, og andre at ho heitte Kirsten Jakobsdotter. Det er nok so at båe partar har rett. At kona hans i 1609, då dei gav kyrkja i Kaupanger ei altertavla, heitte Kirsten Pedersdtr. må vera heilt visst, men at enkja etter Gjøde Pedersen heitte Kirsten Jakobsdtr. er likso visst. Ho er nemnd fleire gonger, og altid som Kirsten Jakobsdtr. Det er soleis på det reine at Gjøde har vore gift tvo gonger. Fyrste kona hans segjest død i 1647, og det kann høve med at Gjøde og den nye kona hans i 1650 gjer testamente for det tilfelle at dei skulde verta barnlause.

Med fyrste kona si hadde Gjøde ein son som og heitte Gjøde. Han må vera død i ung alder. Med andre kona hadde Gjøde og ein son, han og heitte Gjøde.
I 1654 søkjer Kirsten Jakobsdtr. um å få borgar i Bergen, Didrik Busk til formyndar for sonen Gjøde. Busk vart ogso godteken som formyndar, men alt eit halvt år seinare får Ove Bjelke pålegg um å finna ein annan formyndar for Gjøde Gjødesen, «da Didrik Busk ikkje skal være så vederheftig at han barnets bedste kan forestå».

Lampe segjer i «Bergens Stifts Geislige» at enkja etter futen Gjøde Pedersen vart attgift med presten Jørgen Påsche i Ulvik, og at ho døydde i 1704, 78 år gamal. Ho skulde soleis vera fødd umlag 1626 og kunde soleis ikke vera gift med Gjøde Pedersen i 1609.
Gjøde Pedersen og fyrste kona hans skal etter Nicolaysen vera «begraven i åben, muret begravelse under koret i Kaupanger kyrkje».

Forutan altertavla som Gjøde gav til Kaupanger kyrkja, men som no er i Jostedal kyrkja, gav han og ein messehagel av raud fløyel til Kaupanger kyrkja. Denne messehagelen var i bruk so seint som i 1811. Namnetrekki til Gjøde og kona var sydd med silke på messehagelen, og merke til Gjøde var og kome med. Det var ei ørneklo; eit høvelegt merke for ein mann som Gjøde Pedersen. Etter alt me kann sjå hadde han ein sers givnad til å setja ørnekloi i bonderyggen. Det må ein kunna segja um Gjøde Pedersen, trass i all «kongelig nåde, og miskund».

I Allkunne kan du lese meir om Gjøde Pedersen