Frysetenester

Frysetenester

Frysing av gjenstandar mot skadedyr

Det er ikkje berre vi menneske som er glade i gamle ting. Skadedyr som mott og møll likar seg godt i både nye og gamle gjenstandar av tre og tekstil.

Skadedyr som veggdyr og pelsbiller er også eit veksande problem. Dette er skadedyr som befinn seg i klede, dynetrekk, laken, teppe og liknande. Vårt råd er difor: Ikkje kast dine kjære gamle eignedelar eller arvestykke sjølv om dei er angripne av skadedyr! Vi kan hjelpe til med å sikre gjenstandane mot vidare angrep.
Museet har fryseanlegg for nedfrysing av gjenstandar som er angripne, og på den måten kan du hindre ytterlege øydeleggingar og kan trygt ta dei gamle tinga i hus utan å vere redd for blindpassasjerar.

Frysing av mindre gjenstandar: kr. 250,-

Døme: Stol eller fleire smågjenstandar for ein og same kunde. Rettesnor: kr. 250,- som  minstepris for ein gjenstand pluss kr.50,- for kvar av dei andre gjenstandane.

Frysing av mellomstore gjenstandar: kr. 400,-

Døme: Bord, seng, kommode, kiste

Frysing av store gjenstandar: kr. 500,-

Døme: Større skåp

For meir informasjon og avtale om frysing, ta kontakt med preparant Kristian Systad på tlf. 47452919, eller på e-post: kristian.systad@misf.museum.no

Med årskort til museet får du halv pris på nedfrysing av gjenstandar mot utøy.