Jump to Navigation
Friluftsmuseet

Friluftsmuseet

Friluftsmuseet ligg i eit flott naturområde, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små. Men først og fremst inneheld friluftsmuseet mest 40 antikvariske bygningar frå mellomalderen og heilt fram til vår eiga tid.
Den nyaste "antikvariske" museumsbygning er frå 1989, og vi har ei eiga avdeling med bygningar frå 1900-talet. Alle bygningane er forsøkt plassert i tidsrette omgivnader.

Gardsdrift

Om sommaren har museet full gardsdrift, med hest, kyr, griser og høns. Garden vert drive slik ein gjorde det på slutten av 1800-talet, og i eit tidsrett kulturlandskap. Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon.

Kart over Friluftsmuseet

Kart over friluftsmuseet
Museet har utvikla ein audioguide (lydguide) til friluftsmuseet, på norsk, engelsk og tysk. Du kan leiga MP3-spelarar på museet, eller lasta ned lydfilene til din eigen spelar eller mobiltelfon.
>> Gå til nedlastingssida for Audioguide

Graphic design by Gasta. Development and programming by: S.M.Bjørklund | Login