Nommerpotet Gamle potetsortar på museet

Frå potetsamling til norsk delikatessepotet

Gamle plantesortar- kan vi nytte dei til meir enn å ta var på dei og å formidle dei?

av Museumsbonde ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kjell Krogstad

Her på De Heibergske Samlinger nytter vi så langt som mogeleg gamle sortar i åker, eng og i hagar.

Då eg kom til museet i 2011 hadde eg med nokre poteter eg fekk frå eit eldre ektepar i Aurland. Dei kalla den for Nommerpote. Denne potetsorten har etter kvart blitt den dominerande potetsorten på DHS-SF.

Namnet- "Nommerpote" får meg til å tenke at det er ein sort som har blitt utprøvd på ein planteforedlings institusjon. Og at den av ymse grunner ikkje har vært god nok til kommersiell bruk. Og at nokon på eit eller annet tidspunkt har tatt nokre poteter med heim.
Under et besøk av Morten Rasmusen frå Nibio, på DHS meinte han dette var ein til no ukjend potetsort.

Same hausten sende eg inn nokre poteter til Nibio på Ås. Vidare har eg skaffa litt dokumentasjon om desse potetene. Eg har greidd å følge dei tilbake til 1952, noko som er lenge innan dette fagfeltet.


Som ein kan sjå er truleg ein av årsakane til at denne potetsorten ikkje vart mykje nytta at dei var vanskeleg å skrelle

«Fra potetsamling til norsk delikatessepotet»

Det er eit prosjekt i regi av NIBIO kor eit mål er å finne ut meir om opphavet til gamle norske potetsortar, men også å kartlegge dei enkelte potetsortanes eigenskapar. Med eigenskapar forstår vi slik som smak, lukt, kokefastheit mm. Målet er å få tatt i bruk gamle potetsortar som delikatessepoteter.

Vi har altså greidd å markere oss utanom museumsverda med våre gamle potetsortar og vårt naturvitenskapelege kulurlandskap.

Nettverk for Kulturlandskap på museum er invitert med i referansegruppa saman med:

Alexandra Krage Angell, Matarena Bergen,
Anita Barlien, Overhalla klonavlssenter,
Camilla Jacobsen Eng, NLR Øst, potet
Ingrid Innergaard, Foreningen KVANN, leder potetlaug,
Jan Arne Broen, BAMA,
Kjell Krogstad, Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap v. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
Pawel Chrominski, NordGen, In Vitro laboratorium,
Per Møllerhagen, Nibio Apelsvoll, Divisjon for matproduksjon og samfunn,
Pia Borg, Mattilsynet,