60 talls huset

Leitehuset

Huset er teikna av bergensarkitekten Per Lingaas og vart bygt i bustadfeltet Leite i Sogndal i 1964. Typisk for tida er det bygt i éin etasje, utan kjellar, med brunmåla, ståande panel og såkalla husmorvindauge. Huset var opphavleg bygt til ei einsleg, vaksen kvinne. Det er 76 m2 og er såleis litt mindre enn eit vanleg familiehus med husbankstandard. Men det har alle romma og funksjonane som høyrde til eit nytt bustadhus i 1960-åra. På kjøkenet er det ferdigkjøpt kjøkeninnreiing med oppvaskbenk av stål og innlagt vatn med varmt og kaldt vatn. Som dei fleste heimar på 1960-talet har Leitehuset elektrisk komfyr, kjøleskåp og frysar. Matstell, lagring av mat og anna husstell vart dermed enklare, i ei tid der også tilbodet av ferdigmat, klede og andre forbruksvarer vart større.

I stova er det tidstypiske teakmøblar som illustrerer moderniseringa i etterkrigstida. Sentralt plassert i stova står fjernsynsapparatet. Frå 1960 kom det i gang faste fjernsynssendingar i Noreg, noko som sette stort preg på både samværsformer og kulturelt liv.

Her kan du sjå ein serie bilete frå Leitehuset og eit utval av typiske 60-tals gjenstandar som ein finn i huset.