Fotavtrykk i klimarekneskapen

Alle snakkar om klimaendringar, global oppvarming og kva politikarar, stat, industri og verksemder skal gjera for å minka utslepp etc.

Men kva med kvar einskild person?

Kva er DINE fotavtrykk i klimarekneskapen? Kva kan DU gjera for å bidra?

Kven hugsar ikkje den varme og flotte sommaren vi hadde i år? Den tørre sommaren. Har vi nokon gong høyrt sogningar vorte lei vakkert vêr tidlegare? Men så kom regnet. I store mengder. I haust har det bøtta ned og skapt flaum, og elvene har på sume stadar funne nye vegar. Det er mange i distriktet som fått kjenna vêrets makter inn på huda. Mange hevdar at dette er ein smakebit på klimaendringar, noko me må verta vande til. Må vi det, eller kan det forhindrast? Kva må vi i så fall ofra?
Vi har lenge snakka om klimaendringar og global oppvarming, men diskusjonen har ofte vore over våre hovud. Det er snakk om kva politikarar, statar, industri og verksemder skal gjera for å minka utslepp som skaper klimaendringar. Men kva med deg og meg? Kan vi gjera noko? Betyr ikkje våre handlingar noko for den totale summen?
På kveldsarrangementet måndag den 5. november ønskjer museet å ta ned diskusjonen på eit folkeleg nivå og sjå kva fotavtrykk du og eg etterlet oss i klimarekneskapen. Kva kan vi gjera for å bidra og ikkje minst: kva endringar av forbruk og vanar er DU villig å akseptera for å vera med å vera med redusera utsleppa av klimagassar?
Til hjelp har vi to forskarar som har jobba mykje med dette. Dei vil innleie kvelden med kvar sitt foredrag og etterpå tek vi ein diskusjon der du kan vera aktiv.

Karen Richardsen Moberg frå Vestlandsforsking:
Ho tek føre seg FNs klimapanel sin spesialrapport på 1,5 grader og den drastiske reduksjonen av klimagassutslipp som må til for å avgrensa omfanget av klimaendringar. Vi må tenka på at folk i høginntektsland som slepp ut store mengder gjennom forbruket sitt. Det vil seia deg og meg. Vi må vera med på å redusera utsleppa, men korleis? Kva livsstilsendringar må til? Og kva er dagens politikk på temaet?

Eivind Lekve Bjelle, NTNU:
Han stiller seg spørsmålet om vi verkeleg kan stola på at produsentane/ industrien får ned utsleppa så mykje at vi ikkje treng å endra forbruket vårt, eller MÅ vi endra forbruket vårt? I kva grad må vi legga om livsstilen vår for å nå måla for global oppvarming? Kva er tilbakeslageffekten ved å leggja om til eit «grønt» forbruksmønster? Kva er dei store «karbontjuvane» i kvardagen, kva gjeremål er mest effektive å redusera, og kor mykje hjelper det å endra våre handlingar?

Dette er tankevekkande og viktig tema. Vi håpar du vil koma og gjera dine refleksjonar!

Ta turen innom museet måndag den 5. november. Arrangementet startar kl. 19.00 og er gratis.

Kafeen er open. Vel møtt!