Førjulskveld på museet

Førjulskveld på museet

FØRJULSKVELDAR PÅ MUSEET onsdag 6. og måndag 11. desember kl. 15-18.

Førjulskveldane på museet et blitt ein lang og kjær tradisjon som spreiar glede og julestemning blant oss alle. Det er nesten som vi vil seie at det vert ingen jul utan førjulskveldane her, og vi håper mange vil ta turen til oss også i år.

I museumsbutikken finn du mange spennande julegåver til store og små.

Ta med deg vener og familie, og finn den gode julestemninga hjå oss.Tradisjonen tru vert det:
- Fjøsnisse og julemystikk i Indre Sogn-tunet
- Kanefart
- Julegraut, kaffe og kaker i kafeen
- Julehandel i museumsbutikken og hjå dei lokale handverkarane

Vi ynskjer store og små velkommen til ei hyggeleg førjulsstund..

Vi gler oss til å sjå deg!