Friluftsmuseet, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Finn oss

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum ligg på Vestreim, ved riksveg 5, om lag midt mellom Sogndal og Mannheller, der ferja frå Fodnes (frå Lærdal/Årdal) legg til.

Riksveg 5

Kjem du med ferja til Mannheller og køyrer mot Sogndal, køyrer du rett forbi museet og kan ikkje unngå og sjå det. Så også om du kjem andre vegen og skal til ferja.

Flyplassen

Flyplassen i Sogndal ligg om lag 15 minuttar frå museet med bil, og flybuss og ringbuss går forbi museet fleire gongar for dagen.

Riksveg 55

Kjem du med ferja til Hella (frå Vangsnes/Balestrand), køyrer du mot Sogndal og fortset mot Kaupanger (Lærdal/Årdal/Oslo) og finn museet på høgre hand etter nokre kilometer.

Museet har stor parkeringsplass

Kart:

Her finn du eit kart som syner kvar museet ligg

Ferje og buss:
Mannheller – Fodnes
Hella - Dragsvik
Hella - Vangsnes
Ringbuss Sogndal - Kaupanger
Flybussen Sogndal - Sogndal flyplass