dhs-sf

Velkomen til museet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I sommarsesongen har vi ope kvar dag heile veka, også på laurdagar og sundagar. Opningstida er frå 10 til 17 kvar dag. Husa på friluftsmuseet er og opne. Vi ynskjer alle velkommen til museet for ei god oppleving med spennande utstillingar og god mat i kafeen.
Frå og med onsdag 14. juni og kvar onsdag framover sommaren vil lokale gjestekokkar servere sine favorittar i kafeen. På heimesida vår og på Facebook kan du finne ut kven som serverar middagane dei ulike onsdagane. Dei vert annonsert etter kvart..

Årbok for Sogn 2016

Årbok for Sogn 2016

Velkomne til årboka!

Denne årboka handlar om jordbruket, sjølve Modernæringa.

Jordbruket gjev oss ikkje berre dagleg brød, men har også definert grunntrekka ved samfunnet vårt sidan forfedrane og formødrene våre tok til å dyrka jorda og bli bufaste. Ordet bonde kjem da og av det gammalnorske büandi, fastbuande.

Velkommen til museumsbutikken

Velkommen til museumsbutikken

Butikken på museet er open heile året

Her finn du gåver til store og små i alle aldrar. Gåver som du ikkje finn andre stader.

Gåver som kan etast, gåver som kan stå til pynt, gamaldagse leikety, spel, bøker, pledd og mykje anna..

I butikken finn du og "Årbok for Sogn", museumsboka "Levd Liv" og bøker utgjeven av lokale forfattara.

Velkommen til museumsbutikken for ein god og hyggeleg handel.

Open måndag til fredag - 10:00 - 15:00.

Oddlaug i bua

Årbok for Sogn 2016

Årbok for Sogn 2016

Velkomne til årboka!

Denne årboka handlar om jordbruket, sjølve Modernæringa.
Jordbruket gjev oss ikkje berre dagleg brød, men har også definert grunntrekka ved samfunnet vårt sidan forfedrane og formødrene våre tok til å dyrka jorda og bli bufaste. Ordet bonde kjem da og av det gammalnorske büandi, fastbuande.

Den gamle Vik prestegard

Vik prestegard på DHS-SF

Historia til prestegarden

Vik Prestegard er ein typisk embetsmannsbustad frå midt på 1700-talet. Vi har ikkje sikker kunnskap om opphavet til bygningen. Men kjeldestudiar syner at prestegardsbygningen truleg vart reist mellom 1764 og 1767, medan Jonas Daae var sokneprest i Vik. Huset vart til ved at to eldre bygningar ”Herrekammeret” og ”Borgstuen” vart samanbygt. Desse to husa var truleg frå slutten av 1600-talet.

Seiten

RSS - dhs-sf abonnieren