Hagedag på museet 2021

Hagedag på museet 2021

Laurdag 5. juni mellom 11-16 inviterer museet alle hageinteresserte til hagedag. For å skapa god avstand mellom folk, har vi i år valt å spreia arrangementet over heile området. På dei ulike tuna på friluftsmuseet finn du aktørar med stor kunnskap om hage. Her kan du skaffa nye og spanande planter, få ny kunnskap, kosa deg på museumskafeen og treffa andre hageentusiastar i vakre omgjevnader.

Som vanleg kan du få idear og ein god prat med erfarne hagefolk. Sogndal Hagelag stiller opp med stor kunnskap og nyttige hagetips. Du får møta Matias Hukseth, ein av dei aller fremste roseekspertane i fylket. På friluftsområdet blir det eit stort utval av tradisjonsrike urter og staudar, grønsaks- og hagevekstar, sommarblomstrar og roser frå både Hukseth, Sogn Jord- og Hagebrukskule, Elvathun gartneri, hagelaget og andre. Urtetunet kjem og sel produkt laga av urter.

Bytetorget har vorte meir og meir populært, og her brukar det å vera mange godbitar.
Det er Sogndal Hagelag som har ansvaret for bytetorget, og det fungerer slik at ein tek med avleggarar frå hagen heime og byter dei med andre på torget. Hagelaget oppmodar om at ein alltid brukar kjøpejord for å unngå spreiing av brunsnegl. Både hagelaget og SIMAS kan også om kompost og jord til hagen.

Museumskafeen er open, og her serverer vi mykje god mat og drikke. I museumsbutikken har vi nye ting for store og små med tema knytt til hagebruk.

Det er vanleg inngangsbillett, dei som har årskort går inn gratis. Alle er velkomne!

Emneord: