De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet, med over 30 bygningar, spenner frå årestova frå mellomalderen til eit moderne ferdighus frå slutten av 1980-talet. Her er bondestover frå ulike tidsperiodar, ein strandsitjarbustad, og ein lensmannsgard. Museet driv og tradisjonelt gardsbruk med både hest, kyr, sauer, griser og høns.

I museets store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua.
Ei eiga utstilling for born syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Også i friluftsmuseet er det lagt til rette for at born skal trivast, med to leikeplassar og naturløyper. Museet har både kafé og museumsbutikk. Museumssesongen strekker seg frå mai til september og til kvar sesong vert det laga ei eller fleire spesialutstillingar. Hovudbygningen er open heile året.