blank blank
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

 

 
dhs collage

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og største folkemusea i landet.

På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet, med over 30 bygningar spenner frå årestova frå mellomalderen til eit moderne ferdighus frå slutten av 1980-talet. Her er bondestover frå ulike tidsperiodar, ein strandsitjarbustad, og ein lensmannsgard. Museet driv også tradisjonelt gardsbruk med både hest, kyr, sauer, griser og høns.

I museets store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for barn syner korleis barns kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Også i friluftsmuseet er det lagt til rette for at barn skal trivast, med to leikeplassar og naturløyper.

Museet har både kafé og museumsbutikk. Museumssesongen strekker seg frå mai til september og til kvar sesong vert det laga ei eller fleire spesialutstillingar. Hovudbygningen er open heile året.

 

 

 

SOGN FJORDMUSEUM

båtar

Sogn Fjordmuseum er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur borte frå museets hovudanlegg. Her har museet samla dei delane av samlingane som har direkte tilknyting til fjorden og livet ved fjorden.

 

Fjorden var livsnerva til sognebygdene i eldre tider. Fjorden var både hovudveg og stabbur og biletet av livet i bygdene kring Sognefjorden vert ikkje komplett utan den opplevinga som eit besøk på Sogn Fjordmuseum vil gi.

 

Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum, som gir ei flott oppleving av fjordkulturen. Her er ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Dette er ei av dei største og finaste båtsamlingane i landet. Her er også ein rekonstruert båtbyggarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskap av alle slag.

 

Sogn Fjordmuseum er ope i juni, juli og august, og det er gratis inngang til museet!

 





Tilbake

Copyright @ Sogn Folkemuseum. All rights reserved


Kontaktinformasjon
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Vestreim
6854 Kaupanger

Tlf (+47) 57 67 82 06
Fax (+47) 57 67 85 11