Aktivitetar for borna
Forutan ein "vanleg" leikeplass, med enkle leikeapparat, gamaldagse stylter, og ekte laftetømmer, slik at ein kan byggja seg eit eige tømmerhus, har museet ein flott naturleikeplass i skogen nedanfor hovudbygningen. Her har vi lagt til rette for ulike former for leik i naturen. Ein kan klatra og huska, eller finna seg ein fredeleg plett for rolegare syslar. Det er spennande i skogen!
I tilknyting til naturleikeplassen er det også ei spennande naturleikeløype for borna!.
Har du lyst til å saga ved? Eller vil du gjerne prøva korleis det var å bera vatn medvass-sele? Dette er aktivitetar du kan få prøva på museet.Om du vil, kan du også hoppa i høyet i løa vår.
Museet har to spesialutstillingar for born og unge. Den eine heiter "Då oldemor var liti", og syner leiker og barneaktivitetar frå tidleg 1900-tal.Her kan borna også få prøva seg på ymse gamle spel og leiker.
Den andre utstillinga heiter "Unge sogningar 2000", vart laga av born i samband med tusenårsskiftet og syner kva born og unge omga seg med og dreiv med då.
Alt i alt gir utstillingane på museet eit breitt bilete av korleis sogningar har levd.
Opningstider
Mai og september: Alle dagar 10.00 - 15.00.
Juni, juli, august: Alle dagar 10.00 - 17.00
Oktober til april:
Ope mandag til fredag 10.00 - 15.00
Vaksne kr. 70.-
Born kr. 30.-
Familie kr. 150.-
Born under 7 år gratis
Grupper, pensjonistar og studentar kr. 60.-
KJØP ÅRSKORT TIL MUSEET:
Individuelt årskort kr. 250.-, familiekort kr. 300.-
Sogn Fjordmuseum
Ope juni, juli og august, alle dagar kl. 10 - 17
Gratis inngang


