Skuledagar hausten 2019

Born og unge på museet

Museet er eit eldorado for borna. I Eventyrskogen møter vi tussar og troll, Bukkane Bruse og Oskeladden. På museumsgarden er det hest og høner, grisar, kyr og sauer, og ein kan prøva ymse gardsarbeid. Inne er det stor barneutstilling med rom for eigne aktivitetar.

Dyr

dyra på museet
På museet har vi dyr som steller kulturlandskapet. Rundt om på uteområdet kan du difor sjå ulike husdyr.

Leikeplass

leikeplassen
Ved leikeplassen rett ved inngangen har vi sandkasse, sklie og klatrestativ. Her kan du også prøva å gå på stylter.

Eventyrskogen

eventyrportalen
I skogen nedanfor hovudbygninga ligger eventyrskogen. Her kan du møte troll og andre eventyrfigurar. Oppdag skogen, lag di eige trollsang, balanser på tau mellom tre og klatre opp Berget det blå. Du kan også ta det med ro og lesa eventyr i lesekroken.

Bygg ditt eige tømmerhus

laftestokkane
Laftetømring var vanleg teknikk å bruka ved bygging av hus. Nedanfor leikeplassen har vi laftestokkar der du kan prøva deg og laga ditt eige hus.

Indre Sogn tunet

Indre Sogn tunet
I gamle dagar var det mykje arbeid. Nokre vanlege arbeidsoppgåver var å bera vatn, saga ved og slipe ljå. I tunet kan du prøva korleis det er å bera med vass-sele, saga ved og dra slipesteinen.

Naturløyper

naturløyper
På stigar i skogen, langs enger og beite finst fire ulike naturløyper som du kan følgje og læra om ulike tema. Dei stigane du kan velja mellom er:

• Nyttevekstløypa
• Naturleikeløypa
• Viltløypa
• Kulturlandskapsløypa

Sjå meir om Naturløypene her..

Utstillingar

leikeavdeling
Innandørs, i hovudbygningen, har vi ei barneutstilling der du både finn leiker å leika med og utstilling der du kan sjå kva leiker som bestemor eller oldemor kanskje leika med.

unge sogningar
Her finn du og ei utstilling som heiter "Unge Sogningar 2000", som vart laga med hjelp av ungdomsskuleelevar dette året..

Skuleopplegg for hausten 2019 finn du her..