Husa våre, bokslepp på museet

Bokslepp på museet

Bokslepp i Sogndal på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kaupanger onsdag 27. nov. kl.13.00 OG onsdag 27. nov. kl. 18.00 i samarbeid med Senioruniversitetet i Sogn og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

HUSA VÅRE fortel om byggeskikk og arkitektur i Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag.

Boka presenterer over 500 hus og bygningsmiljø i fylket: Alle freda hus, alle kyrkjer, alle fyr, og eit rikt utval av skular, rådhus, forsamlingshus, fabrikkar, kraftstasjonar, bankar, villaer, bustadhus, turisthytter, hotell, prestegardar, embetsmannshus, løer, gardshus, sjøhus, flyplassar, posthus, sjukehus, og mykje meir.

Alle 26 kommunane er med, og kring 150 arkitektar og byggmeistrar får eigen omtale. Boka har 664 sider i stort format, 24 x 26 cm. Utsalspris kr. 598.

Kolbjørn Nesje Nybø (f. 1958), forfattar av boka, er sivilarkitekt og amanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
Torkjell Djupedal (f. 1957) er forleggjar i Selja Forlag og redaktør for boka.