Beskjæringskurs på museet

Beskjæringskurs på museet

Klar for å ta fatt i vårarbeidet i hagen din, men usikker på korleis du skal beskjæra buskane dine? Museet i lag med Sogndal hagelag inviterer til eit praktisk kveldskurs på museet.

Til vår hjelp har vi Nina Heiberg som er ein flink formidlar med mykje erfaring. Ho vil vise korleis vi bør stelle bær- og prydbuskane på museet. Vi har diskusjonar om ulike alternativ og så prøvar vi på det praktiske. Ta difor med din eigen hagesaks!

Kurset er gratis for dei som har årskort på museet og dei som er medlem i hagelaget. Andre betalar kr. 50.

Oppmøte ved resepsjonen på museet. Måndag 25. mars kl. 17.30