"Bernt Tunold" av Jan H. Landro

Senioruniversitetet i Sogn

Foredragskveld på Sogn Folkemuseum – tysdag 12. september

Senioruniversitetet startar opp foredragsprogrammet i haust 12.9. På plakaten denne kvelden står vestlandsmålaren Bernt Tunold i sentrum. Her vil forfattar Jan H. Landro fortelja om målaren og presentera boka si «Vestlandsmålar i grønt og grått».
Vi arrangerer foredragskvelden 12.9 i samarbeid med Sogn Folkemuseum og med Selja Forlag som er utgjevar av den flotte boka om Tunold. På møtet vert det høve til å kjøpa boka og få den signert av forfattaren. Sogn Folkemuseum er eigar av fleire bilete av Tunold og dei vert utstilte på møtet vårt. Tunold reiste også mykje i Sogn, og måla mykje i Sogndal og elles i området vårt.

Bernt Tunold (1877–1946) var ein av våre fremste målarar på 1900-talet – og vestlandsmålaren framfor nokon. Ingen skildra det grøne Vestlandet som Tunold. I unge år hamna han i skuggen av vennen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. Bernt Tunold var frå Selje i Nordfjord, budde i periodar i Sigerfjord i Vesterålen og Hyen i Nordfjord, men hadde størstedelen av livet heimen sin i Bergen. Motiva sine, helst landskap og gamle tun, fann han over heile Vestlandet.

Frå midten av trettiåra fekk stilleben og interiør ein sentral plass i kunsten hans. Forfattaren har reist i Tunold sine fotspor til dei mange stadene han vitja med staffeliet og paletten. Han har snakka med folk som kjende Tunold, sett Tunold-bilete på mange vegger, og har saumfare det som finst av skriftlege kjelder. Boka inneheld over 300 måleri og teikningar, og i tillegg mange foto. Bak i boka er ei verkliste med kring 750 måleri og teikningar av Bernt Tunold. Format 22 x 24 cm, 368 sider.

Jan H. Landro (f. 1948) var i mange år kulturjournalist og -redaktør i Bergens Tidende. Han har skrive mange bøker, er frilansjournalist og «bokbadar».

Vel møtt