Båtar på Fjordmuseet

SKÅSHEIMBÅTEN

Den mest ruvande båten i samlingane er Skåsheimbåten. Han er vel 10 meter lang og tre meter brei.
Dette er ein storebåt, altså ein fraktebåt som vart rigga med råsegl og likna på ei jekt, men som er mindre. Han vart bygd i Sogndal om lag 1840 og seinare seld til Skåsheim i Balestrand, der han var brukt til å frakta dyr, høy, lauv og ved. Han hadde vanlegvis eit mannskap på to og kunne under gode forhold gjera 8-9 knops fart.

SKYSSBÅTANE

I båtsamlinga kan vi sjå fleire staselege skyssbåtar, som alle har tilhøyrt offiserar, godseigarar eller andre kondisjonerte. Dette er vengbåtar, kvitmåla og dekorerte både med flagg og fargar. Passasjerane sat bak i vengen, som gav båtane namn. Den eine skyssbåten tilhøyrde generaladjutant Ole Elias Holck (1774-1842), som var representant til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han brukte nok denne båten inn Sognefjorden, på veg mot Eidsvoll.

SOGNEBÅTANE

Sognebåten er ein fjordabåt som var lett både å ro og dra på land. Færingen var vanlegast. Han vart, som namnet seier, rodd med fire årar, altså to årepar. Sognebåtane kunne også seglast. Dei vart då rigga med råsegl, som dei gamle vikingskipa. I utstillinga ligg ein færing, ein åttæring og ein føringsbåt attmed kvarandre. Desse tjørebreidde og svarte bruksbåtane vart nytta av bønder, fiskarbønder og husmenn langs Sognefjorden til å frakta folk og fe, får og andre varer.

ISBÅTEN

Ein båt har flat botn med to jarnbeslegne meiar under. Det er ein isbåt, som er halvt båt og halvt slede. Fjorden var lenge einaste vegen, og isbåten er eit kreativt svar på den utfordringa det var å reisa når isen var utrygg. Båten var brukt mellom Flåm og Aurland.