Årbok for Sogn 2020 - Helgheimstova

Årbok for Sogn 2020

Innhald

Side 5 - Velkomne til årboka!
Side 7 - Ole Karsten Birkeland: Gratulerer med 150-årsjubileet!
Side 8 - Presentasjon av forfattarane.
Side 10 - Styrarar/rektorar ved Sogndal folkehøgskule 1871—2021.
Side 11 - Olav Fjæren: Jubilæumsfesten paa Helgheim. Prolog til 50-årsjubileet i 1921
Side 12 - Børge Vatlestad: Bakgrunnen for Sogndals folkehøiskole, og den unike rolla denne skulen hadde under Jakob Sverdrup.
Side 32 - Oddmund L. Hoel: Folkehøgskulekvinna Mette Dahl — eit portrett....... ..
Side 60 - Gunnar Yttri: Songen ved Sogndal folkehøgskule 1871—2021.
Side 82 - Jens Brekke: Per Sivle og folkehøgskulen i Sogndal.
Side 90 - Gunnar Yttri: Store-Kjell
Side 98 - Kari Thorsen og Finn Loftesnes: Folkehøgskulen utvidar klasserommet — glimt frå våre 30 år på Helgheim
Side 112 - Jon Navarsete: Godt påfyll for kropp og sjel. Idrettslinja på Sogndal folkehøgskule 1963—2021
Side 122 - Frida Isungset: Et innblikk i folkehøgskolehverdagen
Side 128 - Mai-Evy Bakken: "Hadde vi ikke hatt folkehøgskolen, måtte vi ha oppfunnet den". Kampen for danningsoppdraget.
Side 136 - Øyvind Krabberød: Folkehøgskolen i dagens og morgendagens samfunn
Side 149 - Årsmelding 2019 De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum

Helgheim rundt 1900

Velkomne til årboka!

Årbok for Sogn 2020 er jubileumsbok for Sogndal folkehøgskule, som fyller 150 år i 2021. Alle artiklane i boka har difor folkehøgskulen som tema.

Rektor Ole Karsten Birkeland opnar boka med si helsing til 150-årsjubileet. Deretter tek Børge Vatlestad oss bakover i skulesoga. Med latinskulen tidleg på 1800-talet og Grundtvig sine idear om folkehøgskulen som bakteppe, gjev han ein interessant analyse av Sogndals folkehøjskole under Jakob Sverdrup si leiing i dei viktige pioneråra frå 1871 til 1878.

Den andre styraren på folkehøgskulen var Henrik Mohn Dahl. Det har vore allment kjent at han dreiv skulen i lag med systera Mette Dahl, som var med og sette sitt tydelege preg på skulen. Men livet til Mette Dahl har vore lite kjent — før Oddmund L. Hoel no, med brevsamlinga etter syskena som kjelde, teiknar eit spennande portrett av denne sterke og fascinerande kvinna.

Eit anna kulturelt nybrottsarbeid gjer Gunnar Yttri med artikkelen om songen på Helgheim. Songen har i alle dei 150 åra vore ein viktig del av Sogndal folkehøgskule, og her blir vi kjende med songboka som lærarane gav ut, med songlærarane og skulekoret, og kva for songar som har vore sunge til ulike tider.

Ja, skulen var i seg sjølv eit kultursentrum som inspirerte både lærarar og elevar til å skriva. Alt tyder såleis på at den unge Per Sivle skreiv ei av perlene i songskatten vår, Den fyrste song, nettopp då han gjekk på Helgheim. Dette er også tema i Jens Brekke sin artikkel om Per Sivle og Sogndal folkehøgskule.

Kjell Bondevik var ein annan Helgheimselev som kom til å setja tydelege spor etter seg. I artikkelen om Bondevik viser Gunnar Yttri det store utdanningspolitiske arbeidet hans — og peikar på korleis vennskapsbanda frå folkehøgskulen kom til nytte då han valde medarbeidarar til å vera med og utforma skulepolitikken i Noreg.

Jubileumsboka har også fleire artiklar der tidlegare og noverande lærarar skildrar livet på Sogndal folkehøgskule frå 1960-talet og fram mot vår eiga tid. Kari Thorsen og Finn Loftesnes fortel om korleis skuleinnhaldet vart påverka av trendar i tida, og korleis undervisninga vart flytta ut av klasserommet i deira tid på skulen.

Jon Navarsete gjer på tilsvarande måte greie for utviklinga av idrettslina, og for korleis elevane opplevde at skulen var med og forma liva deira. Som representant for dagens lærarar gjev så Frida Isungset eit interessant innblikk i kvardagen på Sogndal folkehøgskule i vår tid.

Dei to siste artiklane i jubileumsboka reflekterer over idé- grunnlaget og identiteten til folkehøgskulen i fortid, notid og framtid.

Mai-Evy Bakken skildrar den utdanningspolitiske kampen for danningsoppdraget, sjølve grunnlaget for folkehøgskulen. Og Øyvind Krabberød viser klart kvifor folkehøgskulen med sine særtrekk trengst, både som pusterom og kompass, for dagens og morgondagens unge.

Takk til alle forfattarane, biletredaktør Lars Asle Vold og Natvik Prenteverk AS for godt samarbeid med boka.

Takk òg til forgjengarane våre, som flytte den fyrste skulestova frå Helgheim til museet, då ho ikkje lenger fylte krava til eit moderne undervisningsbygg.

På museet tek Helgheimsstova stolt imot alle gjester som kjem, og er i seg sjølv eit døme på korleis vegane til to kulturinstitusjonar i Sogn kryssar einannan. Denne jubileumsboka er eit anna døme på samarbeidet mellom folkehøgskulen og museet. Museet ynskjer Sogndal folkehøgskule til lykke med jubileumsfeiringa!

Anna Jorunn Avdem
— redaktør —