Årbok for Sogn 2019

Årbok for Sogn 2019

Velkomne til årboka!

Årbok for Sogn 2019 har stor tematisk spennvidd. Boka startar med å markera at det er 200 år sidan Sogn vart oppdaga av biletkunstnarane, ei hending som betydde starten på den norske nasjonalromantikken og som gav landskapet i Sogn ein stor plass i den nasjonalromantiske kunsten.

Aage Engesæter skriv nettopp om dette i artikkelen sin, der han også fortel om Munthe-familien i Ytre Kroken i Luster, som var vertskap for dei tilreisande kunstnarane og gjorde Kroken til ein samlingsstad for kunstnarar i ei årrekkje.

Bjørn Sverre Hol Haugen tek oss tettare inn i dagleglivet nettopp på denne offisersgarden i Kroken. Han har nytta ei unik kjelde, arkivet etter Munthe-familien på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Gjennom ulike skriftlege dokument og då særleg breva som Bolette og Hartvig Munthe skreiv til sonen Gerhard, får vi eit einståande innblikk i både familie- og arbeidslivet på garden for 200 år sidan.

Jorunn Ingeborg Årsby viser oss ei anna side av livet i Indre Sogn fyrst på 1800-talet. Ho har studert brennevinshistoria i bygdene våre, og det er ei soge om vekst og fall. I liberaliseringa sitt namn fekk alle skattebetalande bønder lov å brenna brennevin i 1816, og då voks det fram ein stor brennevinsproduksjon i Indre Sogn. Brennevinet førte 'til så mangt, også 'til ein stor debatt. Men var det berre den som gjorde at brenninga brått tok slutt midt på 1840-talet?

Irene Sandvik tek oss med inn i det fargerike livet til kunstmålarinna Frida Hoeck Rusti. Ho var tysk, men gifta seg med kunstmålaren og målmannen Olav Rusti og levde sitt vaksne liv i Noreg, ei tid også i Sogn. De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum har ein stor kunstskatt etter dei to, og ikkje minst av den grunn er det både viktig og spennande å læra Frida Hoeck Rusti betre å kjenna, både som kunstnar og menneske.

Anna Jorunn Avdem: Marta Vigdal er nok eit ukjent namn for dei fleste, men mange eldre sogningar hugsar eit stykke av henne som stod i Austlids lesebok. No har det jammen også dukka opp fleire forteljingar av Marta Vigdal. Dei er ein viktig del av kulturarven vår, som vi med glede vil dela med alle lesarane av Årbok for Sogn. Oppskrifta på vottane hennar får de også.

På museet er det mange store og små skattar. Ein av dei er ei vakker spøtatrøye, strikka av Marta E. Hesjevoll i 1935. Oddlaug Hammer og Kari Johanna Yttri fortel i artikkelen sin ikkje berre om sjølve trøya, men set ho også inn i ein meir allmenn kvinne- og strikkehistorisk samanheng.

Terje Eggum har den siste, men slett ikkje minste, artikkelen i årboka. I fjor skreiv den røynde journalisten fyrste delen av den moderne samferdslesoga for Sogn, då han tok for seg tunnelutbygginga dei siste 30—40 åra. I år går han vidare frå vegar og tunnelar til fjordar og ferjer, og soga om ferjefjordane i Indre Sogn er ikkje mindre eventyrleg! Ikkje berre teksta, men også biletmaterialet, gjer artikkelen til ei lita gullgruve frå vår nære fortid.

Til slutt i årboka finn de fotoglimt frå livet på museet i 2019, årsmeldinga for 2018, informasjon frå fylkesbiblioteket om lokalhistoriske artiklar og eit register over alle artiklane som har vore trykte i årboka sidan starten i 1910.

Det er ei glede å overlata eit nytt bind av den tradisjonsrike Årbok for Sogn til dykk lesarane. Takk til forfattarane for gode artiklar, til Nasjonalmuseet for tilgang til dei store biletsamlingane og ikkje minst til E. Natvik Prenteverk AS og biletredaktør Lars Asle Vold for eit godt samarbeid!

Anna Jorunn Avdem
— redaktør —